Sjølvskot frå Miljøpartiet

MDG vil stille mistillit mot regjeringa i klimaspørsmålet. Resultatet er auka mistillit til det politiske systemet.

ALLE MOT ÉIN: Une Aina Bastholm er den einaste stortingsrepresentanten Miljøpartiet har. Ho kan òg bli einsam i å røyste for klima-mistillit mot regjeringa. Og godt er det, meiner Bergens Tidende på leiarplass. Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix (arkiv)

«Jeg er lei av at Stortinget vedtar flotte klimamål uten at regjeringen følger dem. Derfor mener jeg at Solberg-regjeringen nå må gå av.» Dette seier Une Aina Bastholm, talsperson og stortingsrepresentant, til Miljøpartiets heimesider.

På måndag leverer ho eit mistillitsframlegg mot regjeringa i Stortinget. Så langt kan det sjå ut til at framlegget berre får den einslege røysta til MDG i voteringa og godt er det.

MDG har fått lite merksemd denne hausten, og partiet ligg for tida på to-talet på snittet av meiningsmålingane. Partiet kan rekne med merksemd rundt dette mistillitsframlegget. Det er feil måte å skaffe seg den på.

Det finst ingen regel for kva ein kan stille mistillit mot regjeringa på, men politisk sedvane tilseier at det er to vanlege grunnlag: Mistillit byggjer anten på at regjeringa har brote den grunnlovsfesta opplysningsplikta overfor Stortinget, eller at regjeringa ikkje har følgt opp Stortingets vedtak.

Les også

Klimaendringane set djupe spor i norsk natur

I denne saka har regjeringa fleirtal i Stortinget for å føre ein for lite ambisiøs klimapolitikk. Regjeringa har òg vore heilt opne om at framskrivingane av klimapolitikken ikkje vil gje den reduksjonen av klimagassar som er naudsynt for å unngå for store klimaendringar. Det er svært alvorleg, men det løyser ein ikkje gjennom å stille mistillit.

Resten av opposisjonen ligg an til å følgje spelereglane på Stortinget og seie nei til mistillit i denne saka. MDG vil truleg bruke resultatet til å hevde at dei er det einaste partiet som tek klimaet på alvor. Det klimaet treng, er gode klimavedtak. MDG bør heller prøve å samle fleirtal for dei enn å støyte potensielt klimavenlege parti frå seg.

Det er ikkje alltid lett for veljarane å skjøne kva dei ulike ordningane på Stortinget er meint til. Politikarane har eit ansvar for å opptre ryddig slik at det er enklast mogleg for veljarane å orientere seg i det politiske landskapet.

I denne saka blir det ikkje mistillit mot regjeringa. MDG bidreg derimot effektivt til å auke folkets mistillit mot politikken.