Sjølvskot frå Miljøpartiet

MDG vil stille mistillit mot regjeringa i klimaspørsmålet. Resultatet er auka mistillit til det politiske systemet.

ALLE MOT ÉIN: Une Aina Bastholm er den einaste stortingsrepresentanten Miljøpartiet har. Ho kan òg bli einsam i å røyste for klima-mistillit mot regjeringa. Og godt er det, meiner Bergens Tidende på leiarplass. Foto: Håkon Mosvold Larsen, NTB Scanpix (arkiv)

Publisert:

«Jeg er lei av at Stortinget vedtar flotte klimamål uten at regjeringen følger dem. Derfor mener jeg at Solberg-regjeringen nå må gå av.» Dette seier Une Aina Bastholm, talsperson og stortingsrepresentant, til Miljøpartiets heimesider.

På måndag leverer ho eit mistillitsframlegg mot regjeringa i Stortinget. Så langt kan det sjå ut til at framlegget berre får den einslege røysta til MDG i voteringa og godt er det.

MDG har fått lite merksemd denne hausten, og partiet ligg for tida på to-talet på snittet av meiningsmålingane. Partiet kan rekne med merksemd rundt dette mistillitsframlegget. Det er feil måte å skaffe seg den på.

Det finst ingen regel for kva ein kan stille mistillit mot regjeringa på, men politisk sedvane tilseier at det er to vanlege grunnlag: Mistillit byggjer anten på at regjeringa har brote den grunnlovsfesta opplysningsplikta overfor Stortinget, eller at regjeringa ikkje har følgt opp Stortingets vedtak.

Les også

Klimaendringane set djupe spor i norsk natur

I denne saka har regjeringa fleirtal i Stortinget for å føre ein for lite ambisiøs klimapolitikk. Regjeringa har òg vore heilt opne om at framskrivingane av klimapolitikken ikkje vil gje den reduksjonen av klimagassar som er naudsynt for å unngå for store klimaendringar. Det er svært alvorleg, men det løyser ein ikkje gjennom å stille mistillit.

Resten av opposisjonen ligg an til å følgje spelereglane på Stortinget og seie nei til mistillit i denne saka. MDG vil truleg bruke resultatet til å hevde at dei er det einaste partiet som tek klimaet på alvor. Det klimaet treng, er gode klimavedtak. MDG bør heller prøve å samle fleirtal for dei enn å støyte potensielt klimavenlege parti frå seg.

Det er ikkje alltid lett for veljarane å skjøne kva dei ulike ordningane på Stortinget er meint til. Politikarane har eit ansvar for å opptre ryddig slik at det er enklast mogleg for veljarane å orientere seg i det politiske landskapet.

I denne saka blir det ikkje mistillit mot regjeringa. MDG bidreg derimot effektivt til å auke folkets mistillit mot politikken.