Kutt den statlege bustadsparinga

Ungdom åtvarar nok ein gong mot BSU-ordninga, og det er på tide å høyre etter.

Publisert: Publisert:

STØRRE FORSKJELLAR: BSU-ordninga jamnar ikkje ut forskjellar. Den forsterkar forskjellane. Den ser på papiret ut til å gjere det lettare å kome seg inn på bustadmarknaden, men i realiteten er den med på å presse opp prisane. Foto: Jarl Fr. Erichsen, NTB scanpix

I førre veke gjekk ungdomspartileiarane til KrF og SV ut mot Bustadsparing for Ungdom (BSU). Staten bruker no meir enn éin milliard kroner på ordninga, og det bør staten slutte med.

Gjennom BSU-ordninga kan unge under 34 år spare inntil 25.000 kroner årleg. Då får ein eit skattefrådrag på 5000 kroner i retur. Ein kan til saman spare 300.000 kroner i innskott, og dermed samle inn 60.000 kroner i skattefrådrag.

KrFU og Sosialistisk Ungdom (SU) krev blant anna at BSU-ordninga vert avgrensa til dei som sparer til eigen bustad. Det er ei fornuftig innskrenking.

I dag er det mange som heldt fram med å spare etter at dei har kjøpt sin første bustad, fordi dei fekk hjelp av foreldra sine. Det kan ikkje har vore intensjonen bak ordninga.

Les også

Boligprisene i Bergen stiger mest i landet

Noreg har ein bustadpolitikk som fremjar det å eige framfor å leige. Politikken har fungert. 82 prosent av befolkninga bur i ein bustad som nokon dei deler bustaden med eig. Men det er ikkje alle tiltaka som staten bruker som hjelper dei som står utanfor bustadmarknaden.

BSU-ordninga jamnar ikkje ut forskjellar. Den forsterkar forskjellane. Den ser på papiret ut til å gjere det lettare å kome seg inn på bustadmarknaden, men i realiteten er den med på å presse opp prisane.

Ordninga kjem på toppen av andre subsidier, som gjer det gunstig å eige sin eigen bustad: Låg eller ingen eigedomsskatt, rentefrådrag på lånet og låg verdi i utrekninga av formueskatt.

Staten kan ikkje ha eit mål om at folk skal eige, og så gjere det endå vanskelegare for dei som i dag leiger, men som ønskjer å eige. Det er på høg tid at Stortinget tar tak i korleis bustadmarknaden er subsidiert.

Les også

«Dersom prisene fortsetter å falle, er det bare fint»

Det er langt frå første gong ungdomspolitikarar har tatt til orde for å kutte i subsidien. Og det er langt frå siste gong. For dei blir ikkje høyrd.

Staten deler ut mykje pengar til bustadeigarar, og det er ikkje populært å halde tilbake nokre av desse pengane. Men det må til. Bustadmarknaden har ikkje godt av kunstig høge investeringar.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».