Uverdig behandling av kamptolkar

Noreg burde tatt eit større ansvar for stridstolkane frå Afghanistan. I førre veke vart éin av dei brutalt drepen.

Publisert: Publisert:

UVURDERLEG: – Innsatsen til tolkane har utvilsamt redda norske soldatars liv, og gjort forsoningsarbeidet med lokalbefolkninga i Afghanistan mogeleg. Foto: STRINGER/AFGHANISTAN, NTB Scanpix

Afghanaren Samiullah Siddique vart drepen i Jalalabad i førre veke, kunne NRK melde tysdag. Mannen vart skoten i to gongar i brystet og éin gong i bakhovudet.

Vitneskildringane tyder på eit attentat.

I 2010 arbeidde Siddique som tolk for norske styrkar. I ettertid har han mottatt trugslar frå terrorgruppene Taliban og IS. Skuldinga mot han var spionasje og at han samarbeidde med utanlandske styrkar.

«Dommen» frå ekstremistane var at han burde drepast.

Om det var oppdraget som tolk som kosta han livet, veit ein ikkje sikkert. Risikoen tolkane var utsett for, var derimot kjende for norske styresmakter.

Innsatsen til tolkane har utvilsamt redda norske soldatars liv, og gjort forsoningsarbeidet med lokalbefolkninga i Afghanistan mogeleg.

Det er ei skam for Noreg at landet ikkje tok betre vare på utanlandske hjelparar, som risikerte liva sine for å gjere norske soldatar tryggare.

Noreg burde tatt eit større ansvar for tryggleiken til tolkane, og ikkje etterlatt dei til seg sjølve.

Siddique er ein av mange afghanarar som har bistått norske soldatar i det krigsherja heimlandet deira. Han ville vinne mot Taliban, men tapte mot det norske asylsystemet.

Sakene til kamptolkane vakte stor oppsikt i 2014, då Fazullah Muradi vart pågripen av politiet og kasta ut av Noreg. Veka etter fekk han kome tilbake, og saka førte til ei lita oppmjuking i asylregelverket.

Omlag 50 afghanske tolkar har søkt asyl i Noreg. Dei frykta forfølgjing frå både Taliban, og seinare frå terrorgruppa IS. I 2013 fekk 21 av desse innvilga opphald.

Siddique var éin av dei som fekk avslag. Norske styresmakter meinte at han ikkje hadde eit beskyttelsesbehov.

Fleire av tolkane fekk våpenopplæring, og fleire har deltatt i kamp. Ifølgje Forsvaret, var ikkje Siddique ein av desse.

Det bør ikkje hindre den anerkjenninga han fortener, for sin innsats for Noreg. Kamptolkane gjekk med norsk uniform, og burde behandlast som om dei var norske soldatar.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».