Ein lite fruktbar marin krangel

Tomtestriden i dei marine forskingsmiljøa tener ingen. På tide å dra same veg.

Publisert: Publisert:

NÆRT: UiB vil ha Havforskingsinstituttet til Marineholmen, på innsida av Puddefjordsbroen. Instituttet sjølv vil til Dokken, på den andre sida av brua. Foto: Tor Sponga

Det siste året har ein lokaliseringsstrid prega eit av dei viktigaste forskingsmiljøa i Noreg: Den marine klyngja i Bergen. Havforskingsinstituttet (HI) og Fiskeridirektoratet skal samlokaliserast, og flyttast. Universitetet vil ha dei til seg på Marineholmen, medan HI-sjef Sissel Rogne kjempar for Dokken. Det tek om lag eit kvarter å gå mellom dei.

Krangelen er ikkje særleg fruktbar. Skal Noreg lykkast i å utvikle ei av våre viktigaste framtidsnæringar, er vi avhengige av at forskingsmiljøa i Bergen samarbeider og blomstrar. Bergen har Europas fremste marine forskingsmiljø, og Bergen er Noregs desiderte marine hovudstad. Det er ein posisjon det er viktig å vidareutvikle.

Les også

Tenk stort

Difor er det ikkje vanskeleg å slutte seg til innlegget ei gruppe næringslivsaktørar hadde i BT denne veka: Diskusjonen bør handle om korleis ein utviklar havbyen Bergen. Då er det viktig at aktørane kjempar for kvarandre, ikkje mot.

Det er godt mogeleg at det er avgjerande for Havforskingsinstituttet at dei har ei djupvasskai tilknytt bygget. Men det er likevel påfallande at dette først kom opp relativt seint i prosessen.

Er det andre årsaker til at HI ikkje ønskjer å samlokalisere seg med Universitetet, bør det kome fram. Ingen ønskjer ei utvikling som kan svekkje denne institusjonen. Målet med samlokalisering må vere det motsette.

No er saka til vurdering i Nærings- og fiskeridepartementet. Ei avgjer derfrå vil truleg kome i haust, og danne grunnlaget for den endelege innstillinga frå Statsbygg. Den skal etter planen kome 1. desember.

Det er ikkje verdas, eller Bergens, undergang om dei marine forskingsmiljøa blir delt i to, med ein kilometers mellomrom. Men det ville vere synd. Samlokalisering vil ha store fordelar ved at ein kan dele på laboratorium og kunnskap. Samarbeid og formell og uformell utveksling av kunnskap gjer alle betre.

Det viktigaste er likevel at diskusjonen om tomteval får ei løysing, utan at nokon står bitre og lite samarbeidsviljuge att. Den marine klyngja i Bergen er større enn interessene til den einskilde institusjonen.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».