Partia har eit ansvar for å ta abortdebatten over i eit betre spor

Jo meir konkret debatten er, jo meir konstruktiv er den.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende

SV-leiar Audun Lysbakken og KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad i duell under Arendalsuka 2020. No er dei to på ny i frisk debatt, denne gongen om abortlova. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB (arkiv)

Publisert Publisert
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Denne våren har ei rekke parti vedteke ny abortpolitikk. Ap, Venstre og MDG har vedteke å avskaffe abortnemndene fram til veke 18, mot dagens ordning med at gravide kvinner må møte i nemnd frå veke 12.

SV og Raudt har gått lengre enn dette, og vil at abort skal vere sjølvbestemt heilt fram til grensa for abort, som i dag er ved veke 22.

Også KrF går til val på ei ny abortlov, men i andre enden av skalaen: Dei vil forby sjølvbestemt abort slik ordninga er i dag, og berre gjere det mogeleg å velje abort dersom det til dømes står om kvinnas liv.

Les også

Jens Kihl: KrF er partiet for deg som hatar prioriteringar og elskar staten

Overfor Dagen er KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad tydeleg på at deira primærpolitikk vil føre til færre abortar. På landsmøtet gjorde han det også klart at KrF vil fremje sin primærpolitikk på området, og ikkje berre stå ved dagens lov.

Denne serien av vedtak har utløyst til ein ny, stor abortdiskusjon i Noreg. Ordbruken er til dels svært hard frå båe ytterkantar. Det er til å forstå all den tid dette handlar om eit av livets mest krevjande spørsmål.

Samstundes har landets politikarar eit ansvar for å bidra til at diskusjonen blir mest mogeleg konkret. Det vil føre den over i eit betre og meir konstruktivt spor, noko som ikkje minst er viktig for dei kvinnene og familiane som er i ein situasjon der abort er eit alternativ.

Les også

Jens Kihl: Endeleg har KrF funne seg ei ny, god taparsak

Både KrF og SV har til no sagt at dei ikkje vil gje alle svar på korleis ein ny abortpolitikk etter deira syn bør sjå ut, men seier dette bør kome som eit resultat av ei utgreiing.

Det er bra at partia ønskjer ei kunnskapsbasert tilnærming. Nokre prinsipp bør det likevel vere mogeleg å streke opp, i alle fall som eit utgangspunkt for diskusjonen.

Les også

Podkast: – Det er ingen som tar abort i veke 22 fordi dei er lei av å vere gravid

Fleire parti vil fjerne nemndene, som i dag har siste ordet. Sjølv om dei så godt som alltid gjev løyve til abort, er det for fleire parti problematisk at kvinna ikkje får tillit til å ta dette valet.

For partia som ønskjer å endre grensa for sjølvbestemt abort, bør det vere mogeleg å svare på om dei ser for seg noka form for rådgjeving eller andre ordningar undervegs, og om det i så fall skal vere obligatorisk.

Skal det vere ordningar som tek vare på det ufødde barnets interesser i tilfelle der dei står mot mors?

KrF bør svare på om det skal vere noka form for sjølvbestemt abort om dei får velje, og kva for unntak frå abortforbodet dei eventuelt ser for seg. Dei siste dagane har det vore svært uklare svar frå KrF om dette.

Abortdiskusjonen vil uansett vere svært krevjande. Men partia kan bidra til å rydde noko av tvilen og spekulasjonane av vegen.

Publisert
  1. Abort
  2. Kjell Ingolf Ropstad
  3. Audun Lysbakken
  4. Stortingsvalget 2021

Les mer om dette temaet

  1. – Å flytte abortgrensen gjør det ikke lettere for kvinnene

  2. KrF vet ikke prislappen på nye velferdspakker – koster minst 10 milliarder

  3. «Resultatet er riktig, begrunnelsen er irriterende»

  4. – Som gravid er man aldri alene

BT anbefaler

Latviske «Anna» (45) sier hun ikke fikk lønn, men råtten mat. Sjefen var mangemillionær.

Latviske «Anna» (45) sier hun ikke fikk lønn, men råtten og utgått mat fra Rema 1000. Sjefen var mangemillionær.

LES SAKEN