Politibyråkrati utan styring

Det er på tide at regjeringa byrjar slankinga av Politidirektoratet.

MAKT: Politidirektør Odd Reidar Humlegård (til h.) tener meir enn statsministeren. På tide at justisminister Per-Willy Amundsen grip inn mot pengebruken i Politidirektoratet, skriv BT på leiarplass. Stenersen, Tor

Det er ein solid ironi: Under leiing av det fremste anti-byråkratpartiet i landet, Frp, har byråkratiet på toppen av politietatane est ut.

I går kunne VG melde at 22 leiarar i Politidirektoratet (POD) har over 1,1 millionar kroner i løn. Fire av dei tener meir enn justisministeren, toppsjefen tener meir enn statsministeren. Talet på tilsette i POD har auka frå 215 til 320 sidan Frp tok over justisministerposten i 2013.

Veksten i POD er eit uttrykk for politisk avmakt. I 2015 varsla dåverande justisminister Anders Anundsen (Frp) ein gjennomgang av ressursbruken. Oversikta VG presenterer viser at lite har skjedd.

Noverande justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) hevdar 70 av dei 320 stillingane er mellombelse og skal vekk når politireforma er gjennomført. Historia til POD gjev grunn til å frykte at det ikkje vil skje.

Direktoratet vart oppretta i 2001. Føresetnaden var at det skulle vere lite, effektiv og ha avgrensa fullmakter. Den gongen arbeidde det 98 byråkratar i Justisdepartementets politiavdeling, som POD skulle avlaste. I dag jobbar det framleis 58 i politiavdelinga, i tillegg til dei 320 i POD.

Berre sidan 2013 har pengebruken auka frå 131 til 219 millionar kroner. I tillegg har POD brukt fleire hundre millionar på konsulentar, mellom anna i eit mislykka forsøk på å rydde opp i politiets antikvariske IT-system.

Les også

Eirin Eikefjord: Maktdirektoratet

I tillegg til svake resultat har POD måtte tole kritikk for å urimeleg maktbruk. Mellom anna avdekte VG i mai at direktoratet aktivt hadde motarbeidd den politiske leiinga i Justisdepartementet, for å hindre samlokalisering av naudetatane.

Ressursbruken og dei mange sakene rundt POD viser at det trengst ei solid opprydjing. Byråkratiet på toppen av norsk politi må slankast, pengebruken må ned. Spesielt må talet på leiarstillingar i POD kuttast kraftig. Det er heller ingenting i resultata POD har oppnådd som forsvarar dei høge leiarlønene.

Veksten i POD har skjedd samstundes som politiet elles har slite med ressursmanglar. Sjølv om regjeringa har løyvd meir pengar til politiet, er det framleis store uløyste oppgåver. Hordalandspolitiets nedprioritering av narkotikakriminalitet, som VG avslørte i november i fjor, er eit godt døme.

Pengane bør brukast på politifolk ute i landet, og ikkje i eit overdimensjonert byråkrati i hovudstaden.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».