Havariet i SSB

Finansminister Siv Jensen har no eit tungt ansvar for å få omstillinga av SSB opp av grøfta.

Publisert Publisert

PRESSA: SSB-direktør Christine Meyer vil ikkje trekkje seg frå jobben, trass i mistillit frå finansminister Siv Jensen (Frp). No må Jensen rydde opp, skriv BT på leiarplass. Foto: NTB scanpix

  1. Leserne mener

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hamna i ein uhaldbar situasjon. Skulda for misera kviler både på finansminister Siv Jensen (Frp) og SSB-sjef Christine Meyer. Ansvaret for å rydde opp kviler no på Jensen.

Etter 141 år som kjelde for sober statistikk og nøkterne analysar har SSB dei siste vekene blitt åstad for eit politisk drama. Dramaet nådde fredag eit klimaks få trudde kunne vere mogeleg. Eit møte på føremiddagen vart avlyst. Meyer ville ha med advokat Dag Steinfeld, noko Jensen sa nei til.

Seinare på dagen hadde Meyer og Jensen kvar sine pressekonferansar, med kvar sin versjon av historia. Siv Jensen seier ho ikkje har tillit til Meyer, medan Meyer seier ho ikkje ønskjer å trekkje seg frå stillinga.

Dramaet i SSB bør bli eit skulebokdøme på korleis ein ikkje skal styre ein offentleg etat, noko Meyer kan ta med seg når ho ein gong går tilbake til jobben som professor i leiing ved NHH.

For Siv Jensen kviler det no eit stort ansvar om å gjenreise tilliten til SSB. Byrået er ein svært viktig premissleverandør for styringa av landet, som hovudleverandør av tal, statistikk og analysar av det norske samfunnet. Ingen må difor vere i tvil om at råda som kjem derfrå er faglege, og ikkje politiske.

Fleire opposisjonsparti stilte i går spørsmål ved Jensens motiv i saka. Jensen må no gjere det ho kan for å fjerne mistanken om at ho greip inn for å skjerme ein forskar ho av politiske grunnar set pris på.

Uroa i SSB gjer det no fornuftig å stoppe omstillinga til statistikklovutvalet kjem med si tilråding. Men det er framleis gode grunnar til å gjere noko med SSB. Utvalet som la grunnlaget for omstillinga meiner kvaliteten på forsking er for dårleg sikra. Dessutan gjer teknologiske endringar at statistikkarbeid og analysar kan effektiviserast og automatiserast i større grad.

Eit anna tilhøve som gjev grunn til å sjå på SSB er den kritikken som har kome frå universitet og høgskular. Forsking lir av at SSB er tilbakehaldne med å gje ut data, og tek svært høg pris. Det har òg kome kritikk, frå mellom anna Fafo, av dårleg kvalitet i dei data SSB sender ut.

Omstilling må difor til, men det må skje etter ein skikkeleg prosess som gjev tillit til utfallet.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».