Kontrollert feilinformasjon

Selskap som tar samfunnsansvar feilinformerer ikkje om farlege utslepp.

FARLEGE UTSLEPP: Hydro har drive med kontrollerte utslepp som har forureina drikkevatnet til lokalsamfunnet. Det er uakseptabelt. RICARDO MORAES / X02675

Hydro innrømmer at dei har forureina drikkevatnet rundt aluminiumsanlegget Alunorte i Brasil, men den sat langt inne. Det får Hydro svi for no.

Aksjonærane bør halde norske selskap til ein høgare standard. Det må ikkje berre handle om kortsiktig vinst, men òg om langsiktig truverd.

Les også

Hydro-eid selskap beskyldes for utslipp i Brasil

Natt til 17. februar i år regna det kraftig i Pará-regionen i Brasil, der Hydro har sitt aluminiumraffineri. 23. februar skreiv informasjonsdirektør Halvor Molland at det ikkje var funne prov på at det har vore lekkasjar frå anlegget. Vatnet vert testa før det renn ut, skreiv han òg.

Hydro nekta altså for at dei stod for ukontrollerte utslepp. Det var sant, men det var òg ein distraksjon. «Påstanden har vært ukontrollerte utslipp. Dette har vært et kontrollert utslipp», sa informasjonsdirektør Halvor Molland til DN søndag.

Dette er eit noko absurd kommunikasjonsgrep som tilslører sanninga, og det skadar Hydro sitt omdøme ytterlegare.

Først når det ikkje lenger finst nokon tvil om kven som står bak, innrømmer Hydro at dei står bak utsleppa. Ikkje berre har selskapet visst, men utsleppa var gjort med overlegg.

Les også

Hydro blir Norges største arbeidsgiver

Hydro må ta lærdom av hendinga. Først for å hindre at eit liknande utslepp gjentek seg. Og så må dei sikre at kommunikasjonen med lokalbefolkninga og omverda blir meir etterretteleg.

Då er det bra at KLP, Hydros tiande største eigar, kallar selskapet inn på teppet. Ifølgje DN vurderer KLP eigarskapet sitt i Hydro.

Berre trugselen om at KLP kan dumpe Hydro er alvorleg for selskapet. Aksjekursen har allereie rast nedover, med eit fall på rundt ti prosent sidan problema starta i februar.

Men det handlar om meir enn eit kraftig børsfall. Eigarane til Hydro er med rette uroa for at omdømmetapet råkar dei òg, viss utsleppa ikkje får konsekvensar.

Les også

Hydro gjør storkjøp

Det kjem til å regne kraftig igjen i Brasil. Hydro må vere førebudd på det, slik at dei ikkje på ny utset befolkninga for farlege miljøgifter.

I visjonsdokumentet The Hydro Way skriv selskapet at oppkjøpet i Brasil var modig, og framtidsretta. I Hydro vert mot definert som «å møte utfordringer og ta kalkulert risiko, selv om utfallet er usikkert.»

Det verkeleg modige er å sleppe ut kaustisk soda i drikkevatnet til folk, og tru at det ikkje vert oppdaga. Særleg lurt er det ikkje.

«Samfunnet er både våre kunder, våre partnere og lokalmiljøet vi er en del av», skriv selskapet i The Hydro Way. No har visjonen blitt testa, og det gjekk ikkje så bra.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».