Slavar i fiske­indu­strien

Regjeringa bør auke innsatsen mot kriminalitet i arbeidslivet. Avsløringane i fiskeindustrien viser at det nyttar.

Publisert Publisert

UTNYTTING: Fagrørsla skuldar regjeringa for å gje Arbeidstilsynet for små midlar til å ta dei kriminelle. Det er skuldingar regjeringa bør ta på alvor. Både norsk arbeidsliv og legitimiteten til EØS-avtalen i folket er avhengig av at kjeltringane blir tatt, skriv BT på leiarplass. Foto: Cornelius Poppe, NTB SCANPIX

Ein aksjon mot fiskeribedrifter i Nordland har avslørt til dels grov utnytting av utanlandsk arbeidskraft. Timeløner på 40 kroner timen og slaveliknande kontraktar kastar ein mørk skugge over næringa.

Inspektørane frå det tverrstatlege A-krimsenteret fann lovbrot i 19 av 20 bedrifter. I to av desse var brota så alvorlege at dei vart stengde på dagen.

Bransjeorganisasjonen Sjømat Norge tek sterk avstand frå det som er avdekt. Bedriftene var ikkje organiserte der, og adm. direktør Geir Ove Ystmark avviser at dette er noko gjennomgåande problem i bransjen.

LO har ei anna meining. Forbundsleiar Anne Berit Aker Hansen i Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (NNN), som organiserer halvparten av dei tilsette i fiskeindustrien, fryktar at dette berre er toppen av isfjellet.

Les også

BT-leiar: Hardare lut mot arbeidskriminalitet

Vonleg har Ystmark rett. For dei seriøse bedriftene i bransjen bør aksjonen vere kjærkomen. I ein så arbeidsintensiv bransje utgjer løn, arbeidstid og overtidsgodtgjersle svært mykje av utgiftene. Bedrifter som juksar med dette, får ein urettvis konkurransefordel i høve til dei som driv skikkeleg. Får slikt halde fram, kan det undergrave heile næringa.

Aksjonen frå A-krimsenteret var difor viktig for heile bransjen.

Regjeringa har fått kritikk frå både opposisjonen, fagrørsla og NHO for å ha gjort for lite mot arbeidslivskriminalitet. At regjeringa ikkje har gjort noko, er ei overdriving. A-krimsentera er døme på eit av fleire vellykka tiltak som har kome under Solberg-regjeringa. Her samarbeider politi, skatteetaten, arbeidstilsynet og Nav for å avsløre arbeidslivskriminalitet.

Avsløringane i Nordland er såleis både eit resultat av denne satsinga, og ei uttrykk for at det framleis er mykje ugjort. Ifølgje ein rapport som vart laga på oppdrag av Skatteetaten, viste at samfunnet tapte mellom 12 og 60 milliardar kroner i året, berre i skattar og avgifter.

I tillegg kjem skadane kriminaliteten fører til for dei råka arbeidarane og for andre bedrifter.

Avtalen som sikrar Noreg trygg og føreseieleg marknadstilgang i EU, EØS-avtalen, opnar samstundes opp for arbeidsinnvandring frå lågkostland i Aust-Europa. Dei kan utnyttast av useriøse bedrifter.

Fagrørsla skuldar regjeringa for å gje Arbeidstilsynet for små midlar til å ta dei kriminelle. Det er skuldingar regjeringa bør ta på alvor. Både norsk arbeidsliv og legitimiteten til EØS-avtalen i folket er avhengig av at kjeltringane blir tatt.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».