Snowden bør bli benåda

USAs president Barack Obama bør bruke sjansen til å rette opp uretten mot Edward Snowden.

Publisert: Publisert:

VARSLAR: At verdas viktigaste varslar ikkje blir anerkjent som fortent i heimlandet, er ein skam. Snowden gjorde det einaste rette, og president Barack Obama før difor benåde han, skriv BT på leiarplass. Foto: Mary Altaffer / TT / NTB Scanpix

Behandlinga varslaren Edward Snowden har fått av sitt eige heimland USA, er pinleg og ikkje verdig eit land som kallar seg forkjempar for liberale menneskerettar. Snowden har ikkje sett USA sin nasjonale tryggleik i fare, og han har ikkje levert ut hemmeleg materiale til fiendar. USA sin president Barack Obama bør difor benåde Snowden.

Det er vanleg at amerikanske presidentar fritek einskildpersonar for straff like før presidentperioden er over. Dei siste vekene har kravet om at Snowden skal bli ein av dei, vakse i styrke.

Edward Snowden avslørte mellom anna at amerikanske overvakingsorgan dreiv med massiv og ulovleg overvaking av eigne innbyggjarar og internasjonale statsleiarar som Angela Merkel. Det er eit alvorleg brot på kontrakten mellom borgar og regjering, og ikkje minst overfor USAs allierte. Det høyrer ikkje heime i eit moderne liberalt demokrati.

Eit slikt tillitsbrot mellom stat og borgarar kan ikkje varslast internt, slik det amerikanske justisdepartementet hevdar. Då ville det neppe ha nådd allmenta, men vorte handtert internt og i løyndom. Det var naudsynt at Snowden varsla internasjonale medium.

Ein konsekvens av avsløringa er at Kongressen har endra lova slik at personopplysningar ikkje lenger blir lagra av statlege overvakingsorgan.

Les også

Kongressrapport: – Snowden er ingen varsler

I USA blir ikkje Snowden handsama som varslar, i ein moderne definisjon. Han er tiltala etter den amerikanske spionlova, laga like etter første verdskrigen. Difor er heller ikkje resultatet av varslinga hans juridisk relevant for styresmaktene. Han blir rett og slett sett på som forrædar.

Men Snowden har ikkje spionert på heimlandet sitt. Han har heller ikkje dele hemmelegstempla informasjon til framande makter, men til undersøkjande journalistar i den frie pressa. Varslinga hans var ei viktig handling for å styrkje demokratiet og borgarane sine rettar.

At han har vore nøydd til å søkje tilflukt i Russland, eit land med svært diskutable tradisjonar når det gjeld demokrati, gjer at situasjonen grensar til det absurde. Og det er tragisk at dette blir nytta i den pågåande propagandakrigen mellom Russland og USA.

Det er diverre ingenting som tyder på at Obama vil benåde Edward Snowden. I USA har framleis det militær-industrielle komplekset stor politisk og økonomisk makt.

Dersom Obama fritek Snowden for straff, kan det skape store problem for den mest sannsynlege etterfølgjaren hans, Hillary Clinton. Ho, på si side, er nok mindre innstilt på å ta Snowden i nåde. Ho er avhengig av samarbeid med det massive tryggleiksapparatet i USA frå starten.

At ein av verdas viktigaste varslarar ikkje blir anerkjent som fortent i heimlandet, er likevel ei skam. Snowden gjorde det einaste rette.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».