Lite klok handtering

Jonas Gahr Støre (Ap) burde ordna opp i privatøkonomien før valet. Det er synd at den, og ikkje politikken, får prege valkampinnspurten.

Publisert: Publisert:

PENGEPROBLEM: At Støre ikkje er open om sine eigedelar før det bli avslørt vitnar om dårleg dømmekraft, skriv BT på leiarplass. Foto: Junge, Heiko / NTB Scanpix

Ap-leiar Jonas Gahr Støre får valkampinnspurten skjemma av presseoppslag om sin eigen privatøkonomi. Det er synd både for Arbeidarpartiet og for den politiske diskusjonen, men Støre har seg sjølv å takke.

Dagens Næringsliv (DN) har den siste veka avslørt at Støre har pengar i eit utanlandsk aksjefond. Akkurat kva fond nektar Støre å opplyse om, fram til i går ettermiddag. Dermed har han skapt grobotn for spekulasjonar om kva han skjuler.

Støre seier han no har seld seg ut. I går stadfesta han at pengane har vore investert i eit fond under forvaltaren Egerton Capital, eit som i mellom anna har investert i eit selskap som lagar delar til atomvåpen. Når du leiar eit parti som arbeider for å forby atomvåpen ser det ikkje så bra ut. Fondet bryt òg med dei etiske retningslinjene til oljefondet, som Støre har vore ein forkjempar for.

Dei aksjefonda Støre har att skal no vere oppgjevne i Stortingets register. Det er bra. Men at han ikkje er open om sine eigedelar før det bli avslørt, vitnar om dårleg dømmekraft.

Les også

Støre: – Jeg kommer aldri til å klage på at det blir stilt spørsmål om meg som person

Det er ikkje første gong problematiske sider ved Støres investeringar blir avslørt i pressa. I mai kunne Dagbladet fortelje at Støre hadde investert i eit byggjeprosjekt der utbyggjar mellom anna nytta seg av såkalla nulltidskontraktar, noko både Ap og fagrørsla er svært kritisk til. Også her trekte Støre seg ut etter avsløringane.

Ein stortingspolitikar bør vere open om sine bindingar, spesielt når folket kan gjere han til statsminister. Det skal ikkje vere tvil om at han tener dei som vel han, og ingen annan.

Avsløringane gjer òg at ein må spørje seg om Støre og folka rundt han verkeleg forstår det politiske spelet. Når du er mangemillionær og vil bli statsminister for Arbeidarpartiet, må du rekne med å bli granska av pressa.

Støre og staben hans burde difor for lengst ha rydja unna alt som kunne kritiserast for mangel på samanheng mellom liv og lære. Det er trass alt over to år sidan Støre vart leiar i Ap. Dette handlar om grunnleggjande politisk klokskap.

Fråværet av denne klokskapen gjer at folk må lese og høyre om Støres privatøkonomi, i staden for Arbeidarpartiets saker. Det er det siste Støre treng i ein valkamp der få røyster kan avgjere utfallet.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».