Legg ned au pair-ordninga

Justisministerens au pair-krøll er ei påminning om at ordninga har overlevd seg sjølv.

KULTURUTVEKSLING: Au pair-ordninga har spelt ut si rolle som kulturutveksling, og bør erstattast med vanleg arbeidsinnvandring og ordna arbeidskontraktar, skriv BT på leiarplass. Brun, Thomas / NTB Scanpix

Justisminister Jøran Kallmyrs (Frp) au pair-drama den siste veka er ei ny påminning om det absurde med ordninga.

Det store spørsmålet i saka er om au pairen, som kom frå ein annan familie, arbeidde for Kallmyrs familie før ho hadde søkt løyve hjå politiet.

Ifølgje justisministeren var ho berre ein gjest dei to aktuelle månadene, eller som han seier til Aftenposten: « ... jeg vil understreke at au pairen ikke jobbet hos oss frem til 12. oktober».

Kallmyrs bruk av ordet «jobbet» er frigjerande ærleg, sjølv om det kanskje er ufrivillig. Få trur at familiar tek inn au pairar primært fordi dei vil gje kvinnene, som det som regel er, ei forståing av norsk språk og kultur. Au pair-ordninga har for lengst blitt ein måte å skaffe seg billeg hushjelp på.

Kallmyr skil seg ikkje frå au pair-brukarar flest i så måte, snarare tvert om. Men som jurist og justisminister er det sjølvsagt ekstra viktig at ein følgjer lover og reglar. I denne saka handlar det no om au pairen braut reglane ved å flytte inn hjå Kallmyr før ho hadde søkt politiet, og om ho «jobba» i perioden fram til ho søkte.
Det seier alt om kor vanleg det har blitt å sjå på au pair-ar som hushjelper at det ikkje er tema i saka. Då kan det vere nyttig å minne justisministeren og andre på retningslinjene for au pair-ar frå Utlendingsdirektoratet:

I tillegg til kulturutvekslinga kan au pair-en hjelpe til med «lettere husarbeid og/eller barnepass for vertsfamilien». Ein au pair skal ikkje «være en hushjelp eller dagmamma».

Like fullt er mange au pair-ar akkurat det. Staten bør difor avvikle ordninga og erstatte henne med vanleg arbeidsinnvandring og ordna arbeidskontraktar. Det kan sikre hushjelpene ordna buforhold, arbeidstid og løn, i tråd med det velorganiserte norske arbeidslivet både regjering og opposisjon seier dei ønskjer.

Stortinget hadde sjansen i 2017, då SV fremja eit forslag om å avvikle ordninga. Det skjedde etter ei rettssak avslørte korleis ein velståande norske familie utnytta au pair-ar.

Dessverre vart forslaget nedstemt av dei fire partia som i dag utgjer regjeringa. Tenk kva problem dei hadde spart seg sjølve og justisministeren for, om dei hadde stemt ja.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».