Eit interessant alternativ

Nye Veiers påstand om at ein indre trasé for Hordfast kan gje enorme innsparingar bør undersøkjast.

SAMLA: Her bør vestlendingane stå samla. Bergen-Voss skal byggast, men det skal òg Hordfast.

Det statlege vegselskapet Nye Veier har kome med eit oppsiktsvekkande alternativ for ein ferjefri veg mellom Bergen og Stord: Hordfast kan bli 13 milliardar kroner billigare og ta berre 15 minutt lenger ved å droppe gigantbrua over Bjørnafjorden og heller velje ein trasé via Fusa.

Når dette kjem frå Nye Veier er det verdt å lytte. Statens eige «konkurrent» til Statens vegvesen har gjennom fleire prosjekt vist at dei er i stand til å bygge vegar langt rimelegare enn sin statlege storebror.

Les også

Regjeringens eget veiselskap: – Dropp broen over Bjørnafjorden

Det er liten tvil om at ei bru over Bjørnafjorden vil vere det beste alternativet, fordi det vil gje kortast reisetid. Hovudproblemet er prisen. Sidan 2013 har den auka frå 20 til 37 milliardar kroner.

Den høge prisen gjer det langt vanskelegare å kome i gang med prosjektet, fordi det vil konkurrere med svært mange andre prosjekt om midlane i Nasjonal Transportplan.

Difor er det interessant når Nye Veier no påstår at dei kan redusere rekninga frå 37 til 24 milliardar kroner, samstundes som køyretida til Stord berre aukar med eit kvarter. Føresetnaden er at den lange brua over Bjørnafjorden vert droppa, og at ein i staden vel ein indre trasé, via Eikelandsosen i Fusa.

Statens vegvesen har faktisk rekna seg fram til at dette alternativet vil bli dyrare enn ei bru over Bjørnafjorden, fordi den krev fleire tunnelar og bruer. Førebels har dei ikkje svart på påstandane frå Nye Veier, så det står att å sjå kva skjulte premiss som eventuelt ligg i dei ulike utrekningane.

Det viktige er uansett at ein får fart på arbeidet med å få ned kostnadene ved dette prosjektet. Difor bør Nye Vegars påstandar undersøkjast, og Vegvesenet bør halde lovnadene om å få ned kostnadene på brua over Bjørnafjorden.

INDRE TRASE: Slik ser Nye Veier for seg framtidas vegsystem mellom Os og Stord, med mogelege avgreiningar til E134 over Haukeli. Nye Veier AS (faksimile frå rapporten)

Prisveksten på Hordfast har skapt ein uheilag allianse mellom dei som meiner alt bør byggast på Austlandet, og dei som fryktar for pengane til strekninga Bergen-Voss. Her bør vestlendingane stå samla. Bergen-Voss skal byggast, men det skal òg Hordfast.

Ein ferjefri veg mellom Bergen og Stavanger handlar om å bygge Vestlandet for framtida, om arbeidsplassar og verdiskaping. Når ein kuttar køyretida mellom dei to byane frå 4,5 til drygt to timar vil det gjere det meir attraktivt å bu og etablere bedrifter langs denne aksen.

MIDTRE TRASE: Slik er traseen Statens Vegvesen meiner er best, med ei lang bru over Bjørnafjorden. Statens Vegvesen

Det vil gjere at Vestlandet står langt sterkare i konkurransen om investeringa og kloke hovud i tiåra framover. Alternativet er at alt klumpar seg saman rundt Oslofjorden.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».