Køkaoset viser kor sårbar Bergen er

Bergen treng alternative ruter inn til byen – ikkje minst for å forbetre beredskapen.

Publisert:

KAOS: Det vil kome nye, store vasslekkasjar. Byens styresmakter bør gjere kva dei kan for at slike hendingar skal få mindre konsekvensar enn kaoset onsdag morgon, meiner BT på leiarplass. Foto: Bård Bøe

Natt til onsdag sprakk eit vassrøyr frå 1926. Resultatet var det komplette kaos:

Endelause køar, kokevarsel for 2000 innbyggarar i Sandviken, ein ambulanse som stod fast i trafikken, frykt for at E39 skulle kollapse og evakuering av fleire privatbustader.

Sjølv om hendinga denne veka er av det uvanlege slaget, er det all grunn til å vente seg meir av dette i framtida. Den eldste delen av røyrsystemet i Bergen er frå 1865. Kommunen oppgraderer systemet saktare enn deira eige mål tilseier.

Onsdagens hendingar viser kor sårbar Bergen er: Ein enkel lekkasje, og store delar av trafikken er lamma. Det er heilt uhaldbart – ikkje minst med tanke på beredskapen.

Byens politikarar har diskutert innfartsvegen frå nord i lange tider. Førebels er det svært uklart kva resultatet blir. Ei forlenging av Fløyfjellstunnelen og ein bybane mot Åsane, i tillegg til ringveg aust, kunne ha vore redninga på trøbbelet akkurat denne onsdagen.

Les også

Kommunen: – Røret skulle oppgraderes i 2025

Men neste gong kan problemet oppstå ein annan plass. Dermed viser denne saka kor viktig det er at framtidas samferdslesystem for Bergen ikkje berre handlar om byutvikling og pendlartid, men også om tryggleik og beredskap.

I tillegg er det uhaldbart at ikkje arbeidet med å fornye røyrsystemet går fortare. Med klimaendringane kan vi vente oss meir ekstremvêr. Konsekvensen av dette vil vere endå større påkjenningar for avløpssystemet i byen.

OMVEG: To ambulansar passerer ein lastebil i Grimesvingane, som fungerte som omkøyringsveg etter vassleidningsbrotet. Foto: Geir Martin Strande

Det er over hundre brot på vassleidningane i Bergen kvart einaste år. Sommarens krise på Askøy har vist konsekvensane av å ikkje ta dette fagfeltet på alvor:

Det er sjeldan at vassforsyning er ein veljarmagnet, men politikarar og fagfolk må likevel syte for at slik grunnleggande infrastruktur er på plass.

Også andre etatar må lære av onsdagens hendingar: Mange reisande peika på dårleg informasjon frå Skyss.

Det skulle vere svært overkomeleg å sikre god og oppdatert informasjon også på slike dagar. Det må pendlarar og andre kunne vente seg.

Det vil kome nye, store vasslekkasjar. Byens styresmakter bør gjere kva dei kan for at slike hendingar skal få mindre konsekvensar enn kaoset onsdag morgon.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».