Saudi-Arabias blodige krig

Regjeringa bør bli tøffare i sin kritikk av regimet i Riyadh.

USKULDIG: Titusenvis av sivile, som denne guten på eit sjukehus i Saada, har blitt offer for bomber frå flya til den Saudi-leia koalisjonen sidan krigen i Jemen byrja i 2015. Foto: Hani Mohammed / TT NYHETSBYRÅN

Publisert:

Sist onsdag bomba den saudiarabiske koalisjonens fly nok ein gong eit sivilt mål i Jemen. På ein utandørs frukt- og grønsaksmarknad i småbyen Bayt el-Faqih vart 21 barn, kvinner og menn drepne.

Koalisjonen har bomba ei rekkje sjukehus, fleire bryllaupsfølgje, ein skulebuss og ei rekkje andre sivile mål. Ifølgje Røde Kors er no 22 av landets 27 millionar innbyggjarar avhengige av naudhjelp. Men krigen hindrar hjelpeorganisasjonane å nå fram til alle.

Den blodige krigføringa i Jemen, som har skapt verdas verste humanitære krise, er åleine grunn for at Noreg bør vurdere hardare tiltak mot regimet i Saudi-Arabia. Det bestialske drapet på regimekritikaren Jamal Khashoggi i Saudi-Arabias konsulat i Istanbul ein annan.

Den norske regjeringa har førebels offentleg nøgd seg med å uttrykkje «bekymring» for menneskerettssituasjonen i landet, noko utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) tok opp med den saudiarabiske ambassadøren i august.

Les også

Storpolitikkens offer

Noregs forsiktige haldning skuldast truleg Saudi Arabias viktige rolle som ein alliert av vesten og som oljeeksportør. Store vestlege land som USA, Storbritannia og Frankrike støttar den sunnimuslimske koalisjonen som sidan 2015 har bomba Jemen.

Årsaka er at dei sjiamuslimske Houthi-opprørarane, som starta krigen i Jemen, blir oppfatta å gå Irans ærend. Såleis er millionar av jemenittar offer for storpolitikkens brutalitet.

Etter prins Mohammed bin Salman overtok den reelle makta i Saudi-Arabia har landet tatt nye steg i autoritær retning. Titals journalistar og bloggarar har blitt arresterte.

Salman stod fram i byrjinga som ein progressiv reformator, fordi han gav kvinner lov til å køyre bil. Men dei kvinnelege aktivistane som kjempa fram endringa, vart seinare fengsla.

I ei verd der autoritære og udemokratiske krefter er på frammarsj, blir det stadig meir problematisk å stå som passiv tilskodar, slik Noreg gjer. Land som Sverige og Canada har langt på veg stått åleine i å rette kraftig kritikk mot menneskerettsbrota i Saudi-Arabia. Noreg har vald å gå stille i dørene.

Det er ikkje lenger godt nok. Det er på tide å setje ned eit merke, hit men ikkje lenger. Regjeringa bør difor ta kraftigare avstand frå regimet i Riyadh.

Viss ikkje Noreg har mot til å stå opp for dei verdiane vi trur på i denne saka, kvar skal vi då setje grensa?

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».