Stortinget må rydde opp i regjeringas våpeneksport

Norske våpen har ingenting i Jemen å gjere.

  • Bergens Tidende
    Bergens Tidende

Riksrevisjonen meiner at norske våpen kan ha hamna i Jemen, etter eksporten til Emirata. Biletet viser regjeringsstyrkar på frontlina i Marib. Foto: ALI OWIDHA / REUTERS / NTB (Arkiv)

Publisert Publisert
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Borgarkrigen i Jemen kan ha blitt utkjempa med norske våpen, ifølgje Riksrevisjonen.

Det kom fram i den opne rapporten til Riksrevisjonen, som vart kjent i februar.

No har Aftenposten kome med avsløringar som gjer saka endå meir alvorleg. UD har nemleg gitt klarsignal til meir eksport til Dei sameinte arabiske emirata, sjølv om dei kjente til faren for at våpena hamna i Jemen.

Ifølgje norske retningsliner skal ikkje den kommersielle våpeneksporten gå til område «der det er krig eller krig truer».

I 2015 vart Emirata med i borgarkrigen i Jemen. Meir enn 112.000 menneske er drepne til no, og fleire millionar er drivne på flukt.

UD skal òg ha gitt nye eksportlisensar etter at FNs ekspertpanel for Jemen dokumenterte omfattande brot på folkeretten. Dette avfeiar UD med dokumentasjonen ikkje er gjort bindande gjennom eit vedtak i tryggleiksrådet.

Det er formalistisk. Overgrepa mot sivilbefolkninga i Jemen blir verken større eller mindre av om rapporten er bindande eller ikkje. Overgrepa har skjedd, og det er godt dokumentert.

Les også

Låner 50 millioner kroner til dronekjøp: – Første i sitt slag

Aftenposten avslører òg at UD skriv at et nei til Emiratane-eksport kan skape «store utfordringer» for våpenindustrien.

Norsk våpeneksport er ein stor industri. I 2020 eksporterte Noreg våpen for nesten 2,9 milliardar kroner. Det meste går til andre Nato-land, men eksporten til landa utanfor alliansen er aukande.

I perioden 2014 til 2018 eksporterte Noreg våpen og ammunisjon til ein verdi av 280 millionar kroner til Emirata.

Industrien kunne vore blitt langt meir utbytterik, om Noreg ikkje hadde vedteke sjølvpålagde restriksjonar. Retningslinene er derimot nødvendige for at våpenindustrien ikkje skal kunne eksportere fritt.

Våpeneksport er tett knytt opp til norsk tryggleikspolitikk.

Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) må ta grep for å hindre at norske våpen hamnar på avvege. Foto: Ørn E. Borgen / NTB (Arkiv)

Avsløringa i Aftenposten er basert på gradert materiale. UD meiner at den nasjonale tryggleiken er truga dersom innhaldet i vedlegget til den opne rapporten vert kjent.

Vedlegget omhandlar ifølgje Aftenposten berre eksport til Emirata, og både Riksrevisjonen og Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité har bedt om at dokumentet vert avgradert.

Det kan ikkje vere slik at ubehagelege sanningar vert gøymt med hemmelegstempel.

Likevel er utanriksminister Ine Eriksen Søreides (H) reaksjon talande. Ho ser «veldig alvorlig» på informasjonen i vedlegget har komen ut, og vil ikkje uttale seg om saka fordi den baserer seg på gradert informasjon.

Stortinget har både Riksrevisjonens rapport og Emirat-vedlegget til handsaming no. Dersom regjeringa ikkje er interessert i ein ryddig våpeneksport, bør Stortinget rydde opp.

Publisert
  1. Våpen
  2. Krig
  3. Jemen
  4. Riksrevisjonen
  5. Aftenposten

Les mer om dette temaet

  1. «Disse menneskene sulter ikke – de blir sultet»

  2. Han sa ja til å bli skutt av politiets nye våpen: – Som å bli påkjørt og trampet på

  3. «Det er riktig å hente soldatene hjem nå»

  4. Unge verden rundt filmet seg selv i isolasjon: – De har redselen og uroen til felles

BT anbefaler

Latviske «Anna» (45) sier hun ikke fikk lønn, men råtten mat. Sjefen var mangemillionær.

Latviske «Anna» (45) sier hun ikke fikk lønn, men råtten og utgått mat fra Rema 1000. Sjefen var mangemillionær.

LES SAKEN