Aktivismen som gjev håp

Ungdomen viser veg i klimasaka. Også du kjenner ein Greta Thunberg.

STOCKHOLM! STREIK!: Greta Thunberg brukte hausten på å streike for klimaet. Her er ho framfor den svenske riksdagen 30. november i år. Foto: Hanna Franzen, TT News Agency (arkiv)

Publisert:

I sommar visste ingen kven Greta Thunberg var. Femtenåringen frå Stockholm var berre ein heilt vanleg skuleelev. Rett nok har ho ganske kjende foreldre og er dessutan diagnostisert med Aspergers syndrom, men det var valkampen som skulle gjere henne verdskjend.

20. august valde Thunberg å starte sin mykje omtalte skulestreik for klimaet. Kan ein femtenåring eigentleg streike, eller er det simpel skulking? Uansett kva ein meiner om metoden, nådde Thunberg resultatet sitt. Ho sette klimaet på dagsordenen.

No er Thunberg ein slags klimakjendis. Ho har talt på klimatoppmøtet i Polen og har hundretusenvis av følgjarar i sosiale medium. Thunberg gjer klimaet viktigare.

Frå tid til anna dukkar det opp unge menneske som får verda til å lytte. Det kan vere ei Greta Thunberg eller ei Malala Yousafzai. Det mest slåande trekket ved vårt eige samfunn er likevel ikkje slike framifrå enkeltrøyster, men alle heilt ordinære ungdomar som engasjerer seg for saker dei trur på.

Les også

Josefine Gjerde, Eline Aresdatter Haakestad og Pauline Tomren, MDG: Vi unge trenger mer enn et klapp på skulderen

Om du tenkjer at vi skulle hatt ein Greta Thunberg i Noreg, kan du leite i ditt næraste lokallag av Natur og Ungdom. Eller Unge Venstre, AUF eller Unge Høgre, for den del. Der finn du folk som ikkje har teke på seg eit verv «fordi det er fint på cv-en», men fordi dei bryr seg om klima og miljø – eller ei heilt anna sak.

Det same finn du i religiøse organisasjonar, i kor og korps, i idretten og mange, mange andre plassar. Då terroren råka Noreg i 2011, svarte tusenvis av ungdom med å finne seg eit ungdomsparti. Nyleg viste ein rapport frå Landsrådet for Noregs Barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) at det unge organisasjonslivet har fått hundre tusen fleire medlemer på ti år. Regjeringa har fått skryt frå ungdomsorganisasjonane for stortingsmeldinga om frivillig arbeid. Det er bra.

Det er all grunn til å ha trua på ungdomen. Blant folk over femti er 24 prosent usamde i påstanden «klimaendringane er menneskeskapte», medan talet berre er 12 prosent for dei under 30 år, viste ei NRK-undersøking i fjor. Dei som skal vere her lengst, tek det største ansvaret.

Det viktigaste no er å ta ungdomen med på råd. Og ikkje gjennom vilkårleg samansette panel eller elitetiltak som kronprinsens Sikt-konferanse, men gjennom å lytte til organisert ungdom.

Sjansen er stor for at det sit ein femtenåring ved bordet i eitt av årets juleselskap. Lytt og lær. Noreg er fullt av Greta Thunbergar.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».