Eit steg i rett retning

Planen for nye oppgåver til fylka er ein god start. No står gjennomføringa att.

Fylkar seg: I går blei KrF og regjeringa einige om planane for kva slags nye oppgåver fylka skal få. Her er dei på pressekonferanse i Vandrehallen på Stortinget. Frå venstre André N. Skjelstad (Venstre), Kjell Ingolf Ropstad (KrF), Norunn Tveiten Benestad (Høyre), Kari Kjønaas Kjos (Frp) og kommunalminister Monica Mæland (H). Gorm Kallestad, NTB Scanpix

Måndag ettermiddag troppa Frp, Venstre, Høgre og KrF opp i Vandrehallen i Stortinget for å leggje fram planen for kva oppgåver dei nye fylka skal få. Dermed er regionreforma eitt steg nærare å bli sett ut i live. Borgarleg side har avlyst alle håp om reversering av upopulære konstruksjonar som Viken og nye Troms og Finnmark.

Dei fire partia har kome med ei lang liste med nye oppgåver til fylka. For nye Vestlands del er det mykje å gle seg over. Fylket kan få langt meir ansvar for kompetanse, sysselsetting og integrering enn tilfelle er i dag. På dette området er utfordringane ulike frå landsdel til landsdel, så det er klokt at ansvaret kjem nærare dei det gjeld.

Vestland kan få eit større ansvar for småflyplassar og kortbanenett, kollektivtransport og mange andre samferdsleoppgåver. Fylket kan òg få meir makt i arealsaker, anten det gjeld utbygging av vind- og vasskraft eller kulturminne.

I dag er statlege inndelingar som helseføretak, vegdistrikt eller sivilforsvarsdistrikt ikkje i samsvar med fylkesgrensene. Partia varslar at dei vil gjennomgå inndelinga av «regional stat» med sikte på at desse einingane i framtida skal vere betre tilpassa den nye fylkesstrukturen. Det kan gjere samarbeidet mellom stat fylke enklare. Dette er på høg tid.

Les også

BT meiner: Regionreforma må ikkje kollapse

Samla sett er det likevel vanskeleg å sjå at denne smørbrødlista skal vere grunnen til at Noreg treng heilt nye fylke. Her har stortingsfleirtalet ein jobb å gjere med å forklare kor omfattande dette eigentleg blir.

Det er òg svært mange av oppgåvene på lista som skal greiast ut vidare. Det er forståeleg at ikkje alle svar kan ha to strekar under seg no, men det er viktig at ikkje desse planane blir lagde vekk når utgreiinga blir ferdig.

Fleire stridsspørsmål står att: Det regjeringsoppnemnde Hagen-utvalet gjorde framlegg om at institusjonar som Den Nationale Scene ikkje lenger skal vere nasjonale, men regionale. Dette vil regjeringa kome tilbake til i kulturmeldinga. Det er òg høgst uklart kva som skjer med Barne-, ungdoms- og familieetaten, som i dag har ansvaret for viktige familie- og barnevernstenester.

Det var sentrumspartia som i si tid pressa på for at Noreg skulle få ei regionreform. Gårsdagen viste at dei har pressa Høgre og Frp i rett retning når det gjeld å flytte makt nedover. No kviler det eit stort ansvar på sentrumspartia for å sikre at gode intensjonar faktisk gjev ein meir desentralisert stat.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».