Løn til å leve av
Kvinnefotballen er betre enn det kvinnene får betalt for.
CUPFINALE: Her barkar LSK Kvinners Synne Skinnes Hansen (til v.) saman med Marije Brummel frå Sandviken i helgas cupfinale for kvinner. Foto: Vegard Wivestad Grøtt, BILDBYRÅN NORWAY
Tidlegare i år signerte herre- og kvinnelandslaget ein avtale om å dele tilskotet frå forbundet likt. Det var noko av grunngjevinga for at fotballforbundet fekk heidersprisen til spelarforeininga Niso i helga.
NFFs likelønsvedtak for landslagsspelarar fortener honnør. Samtidig skulle det berre mangle.
Alt er større i herrefotballen. Herrane har fleire publikumarar på stadion og fjernsyn, dei får meir merksemd i avisene, det er større premiepengar og meir reklameinntekter.
Då er det berre rett og rimeleg at forbundet arbeider i motsett retning, for å gjere vilkåra litt betre for kvinnene.
Sparker du som en jente?
Dei nyaste tala frå det europeiske fotballforbundet (Uefa), viser at Noreg har meir enn 100.000 kvinnelege fotballspelarar. Det er på sjetteplass i Uefa. Av dei er 14.345 over 18 år, men berre 56 driv med fotball på heiltid. Likevel er Noreg blant dei landa i verda med flest utanlandsproffar på kvinnesida.
Kvinnelandslaget har eitt OL-gull og to EM-sølv sidan herrelandslaget sist var i eit internasjonalt meisterskap.
Det er ikkje nivået det er noko i vegen med.
OL-GULL: Dagny Mellgren scora 3–2-målet i OL-finalens ekstraomgang mot USA i Sydney-OL i 2000. Foto: Erik Johansen (Arkiv)
Noko av problemet er status. Verken kongefamilien eller statsministeren var representert på laurdagens cupfinale mellom Sandviken og LSK Kvinner. Kong Harald deltok då Rosenborg møtte Strømsgodset i herrefinalen søndag.
Representasjon frå det offisielle Noreg er det lettaste å gjere noko med. Det er hakket vanskelegare å løyse pengeproblemet.
I helga spelte Stine og Even Hovland cupfinale. Der Even Hovland speler fotball på heiltid for Rosenborg, må Stine Hovland arbeide i barnehage og trene på kvelden. Ho vert kjøpt fri éin dag i veka, på grunn av nye sponsoravtalar som kom på plass i fjor.
Saman med den nye likelønsavtalen for landslaget, viser dette ei betring for kvinnelege fotballspelarar. Det er likevel langt igjen.
Det gir meining at publikums- og sponsorinteresse er med på å forme lønsstrukturen til klubbane. Men i dag er det svært få kvinner som kan leve av å spele fotball i Noreg, trass enorm innsats.
Med Mjelde på ryggen
Dersom planane til Manchester United og Real Madrid blir noko av, vil alle dei ti rikaste klubbane i verda ha eit kvinnelag. Det er eit teikn på ein idrett i stor vekst. Noreg er ikkje med på denne revolusjonen. Berre tre av tolv lag i Toppserien er i same klubb som eit eliteserielag for herrar.
Dei internasjonale toppklubbanes damelag har vore med på å auke interessa for kvinnefotball. Det er berre auka publikumsinteresse som kan gjere store innhogg der skoen verkeleg trykkjer: på lønsnivået.
Les også
Flere artikler
Mette Hammersland (57) gler seg grådig til laurdagens cupfinale. Eller eigentleg ikkje.
– Jeg er ufattelig misunnelig på Even. De aner ikke hvor heldige de er
I ei lita bygd på Sotra vaks dei opp 50 meter frå kvarandre. I helga skal begge spele cupfinale.
Av og til kom det lag frå Bergen med stor tru på siger, heilt til ein bonde drog fram møkkaspreiaren
Verken statsministeren eller kongen stiller på kvinnenes cupfinale. Det skaper reaksjoner.
Sjur Røthe er glad han ikkje lytta til dei mørke tankane sist vinter