Tidlegare i år signerte herre- og kvinnelandslaget ein avtale om å dele tilskotet frå forbundet likt. Det var noko av grunngjevinga for at fotballforbundet fekk heidersprisen til spelarforeininga Niso i helga.

NFFs likelønsvedtak for landslagsspelarar fortener honnør. Samtidig skulle det berre mangle.

Alt er større i herrefotballen. Herrane har fleire publikumarar på stadion og fjernsyn, dei får meir merksemd i avisene, det er større premiepengar og meir reklameinntekter.

Då er det berre rett og rimeleg at forbundet arbeider i motsett retning, for å gjere vilkåra litt betre for kvinnene.

Dei nyaste tala frå det europeiske fotballforbundet (Uefa), viser at Noreg har meir enn 100.000 kvinnelege fotballspelarar. Det er på sjetteplass i Uefa. Av dei er 14.345 over 18 år, men berre 56 driv med fotball på heiltid. Likevel er Noreg blant dei landa i verda med flest utanlandsproffar på kvinnesida.

Kvinnelandslaget har eitt OL-gull og to EM-sølv sidan herrelandslaget sist var i eit internasjonalt meisterskap.

Det er ikkje nivået det er noko i vegen med.

OL-GULL: Dagny Mellgren scora 3–2-målet i OL-finalens ekstraomgang mot USA i Sydney-OL i 2000.
Erik Johansen (Arkiv)

Noko av problemet er status. Verken kongefamilien eller statsministeren var representert på laurdagens cupfinale mellom Sandviken og LSK Kvinner. Kong Harald deltok då Rosenborg møtte Strømsgodset i herrefinalen søndag.

Representasjon frå det offisielle Noreg er det lettaste å gjere noko med. Det er hakket vanskelegare å løyse pengeproblemet.

I helga spelte Stine og Even Hovland cupfinale. Der Even Hovland speler fotball på heiltid for Rosenborg, må Stine Hovland arbeide i barnehage og trene på kvelden. Ho vert kjøpt fri éin dag i veka, på grunn av nye sponsoravtalar som kom på plass i fjor.

Saman med den nye likelønsavtalen for landslaget, viser dette ei betring for kvinnelege fotballspelarar. Det er likevel langt igjen.

Det gir meining at publikums- og sponsorinteresse er med på å forme lønsstrukturen til klubbane. Men i dag er det svært få kvinner som kan leve av å spele fotball i Noreg, trass enorm innsats.

Dersom planane til Manchester United og Real Madrid blir noko av, vil alle dei ti rikaste klubbane i verda ha eit kvinnelag. Det er eit teikn på ein idrett i stor vekst. Noreg er ikkje med på denne revolusjonen. Berre tre av tolv lag i Toppserien er i same klubb som eit eliteserielag for herrar.

Dei internasjonale toppklubbanes damelag har vore med på å auke interessa for kvinnefotball. Det er berre auka publikumsinteresse som kan gjere store innhogg der skoen verkeleg trykkjer: på lønsnivået.