Ja til republikk

Etter meir enn 100 år med konge, bør Noreg la demokratiet gjelde heilt til toppen.

ARVELEG MAKT: Erna Solberg (H) som representerer folkestyret, bukkar for kong Harald under opninga av Stortinget i haust.

Heiko Junge, NTB Scanpix

Då Stortinget handsama eit framlegg om republikk tysdag, stemte 36 representantar for republikk. Det er gledeleg å sjå at stadig fleire stortingsrepresentantar vil utvide folkestyret.

Eit moderne demokrati vel leiarane sine – sjølv dei med mest symbolsk makt. Fleire enn kvar femte representant burde vere for republikk.

Det er likevel ei stor forflytting som skjer. Avstemminga tysdag viste at det berre var Sp og KrF som ikkje hadde representantar som stemte for å skifte statsform.

Les også

Frode Bjerkestrand: Hva skal kong Harald med en propagandasjef?

Kongehuset er godt likt, men det er eit stort demokratisk og prinsipielt problem at rikets øvste posisjon går i arv. Noreg tar mål av seg å vere eit egalitært samfunn – altså prega av likskap og utjamning.

Likevel har landet eit statsoverhovud som ikkje kan stillast for retten. Som ikkje kan bytast ut. Og ein konge som må tilhøyre éin spesifikk religion.

Det siste skulle eigentleg ut av Grunnlova, då Stortinget skulle avskaffe statskyrkja. Kongen insisterte derimot på at religionen hans skulle vere regulert av Grunnlova.

Dei som argumenterer for at kongen ikkje har særleg makt, overser denne situasjonen. Kongen fekk nemleg viljen sin, og resultatet vart at Stortinget ikkje fekk avskaffa statskyrkja heilt.

Les også

Debatt: Vårt monarki står seg godt

Monarkiet vart innført etter ei folkerøysting i 1905. Den handla i utgangspunktet berre om å seie ja eller nei til prins Carl av Danmark som konge.

Berre menn over 25 år hadde røysterett. Ei slik folkerøysting ville ikkje vore legitim i dag. Det er uansett rart å bruke eit meir enn hundre år gammalt val som argument for å aldri meir ta stilling til spørsmålet.

Eitt vanleg argument mot republikk, er at ein ikkje veit kva type president ein får. Det er ei usunn frykt for folkemeininga, som heller ikkje har rot i røynda.

Ein norsk president treng ikkje ha særleg makt – den kan statsministeren framleis ha.

Kongens samlande rolle kan erstattast av ein politikar. Det er ingen gudgitte genar i kongefamilien som gjer oss sikker på at dei i mange generasjonar vil takle rolla si godt.

Politikarar som ikkje eignar seg kan bytast ut. Det er klåre døme på valde leiarar som evnar å heve seg over partipolitikken og samle folket når det trengst. Jens Stoltenberg (Ap) gjorde det i tida etter 22. juli-terroren.

Det største skiftet vil vere at statens overhovud er vald av folket, og kan bytast ut av folket. Slik ein gjer det i eit demokrati.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».