No bør Stortinget samle seg om ein grunnrenteskatt på laks
Forslaget frå regjeringa er eit godt utgangspunkt, men prosessen har vore under ein kvar kritikk.

Den politiske handsaminga av lakseskatten har ikkje akkurat vore noko pryd for det norske politiske systemet. Det gjeld både den førre og noverande regjering.
Først vraka partia i Solberg-regjeringa ideen om grunnrenteskatt før regjeringa sitt eige utval hadde fått konkludert. Så valde Støre-regjeringa i fjor haust å sjokkinnføre skatten før høyringsfristen var ute, og lenge før det endelege vedtaket vart gjort i Stortinget.
Slik kan ein ikkje drive skattepolitikk. Det skaper ein heilt unødvendig politisk risiko for investorar og selskap, som kan få konsekvensar langt ut over denne bransjen. Noreg står fram som ein bananrepublikk.
Det er ingen grunn til å så tvil om at den skyhøge fortenesta til oppdrettsnæringa skuldast at dei har fått tildelt eksklusive delar av fellesareala i norske fjordar. Hadde det vore fritt fram for alle å leggje ut merdar der dei ville, hadde fortenesta stupt ned mot det som er normal forteneste i andre næringar.
At næringa haustar ei grunnrente vart då òg grundig dokumentert av Havbruksskatteutvalget i 2019, utvalet som korkje dei borgarlege partia (med unntak av KrF), Ap eller Sp ville høyre på.
Den høge prisen på verdsmarknaden understrekar òg at det er mangel på areal internasjonalt, ikkje minst på grunn av biologiske utfordringar. Når næringa trugar med utflytting, står trugsmåla difor fram som tomme.
Forslaget regjeringa kom med tysdag har ei rekkje fornuftige justeringar i høve til det opphavelege forslaget frå september, inkludert punkta om formuesskatt, avskriving av dyrkjøpte konsesjonar og normpris.
I tillegg kjem vertskommunar og -fylke betre ut.
Det er rom for forbetringar. Mellom anna opnar botnfrådraget for omfattande skatteplanlegging.
Men prinsippet om ein grunnrenteskatt bør bestå. Ei produksjonsavgift, som Høgre vil ha greia ut, er rett og slett dårleg skattepolitikk. Saka er godt nok greia ut. No står handling att.
Høgre bør ta til vitet, utnytte handlingsrommet landsmøtet gav dei, og gå i forhandlingar med regjeringa.
Berre slik kan ein sikre ei løysing som står seg over tid, og som skaper den naudsynte stabiliteten i skattepolitikken som både næringa og resten av næringslivet treng.
RETTING: I den opphavelege teksten stod det at ingen av dei borgarlege partia ville høyre på Havbruksskatteutvalet i 2019. Her var KrF eit unntak. Rettinga vart gjort torsdag 30. mars kl. 7.50.