Viktige ambisjonar om havet

Regjeringa viser ambisjonar i havstrategien. No er det viktig at ord blir følgt opp med handling.

Publisert: Publisert:

STRATEGAR: Statsmininster Erna Solberg (H) og næringsminister Monica Mæland (H) la i går fram ein strategi for havnæringane. Ambisjonane er store, noko som må vise att i praktisk politikk, skriv BT på leiarplass. Foto: Ørjan Deisz

I går la Høgre- og Frp-regjeringa fram sin havstrategi i Bergen. Brukt på rett måte kan den gjere at politikk, forsking og næringsliv jobbar betre saman for å skape framtidas arbeidsplassar.

Den som leitar etter konkrete nye tiltak i den 100 sider lange trykksaka blir nok skuffa. Havstrategien «Ny vekst, stolt historie» er i stor grad ei samling av eksisterande og vedtekne tiltak overfor næringane som har med havet å gjere, i hovudsak olje/gass, fisk/oppdrett og skipsfart. Her er det snakk om alt frå forsking til skattelette.

Men som statsminister Erna Solberg (H) sa då ho lanserte rapporten i går, er den meint som eit startpunkt for ei nyutvikling av arbeidet med desse næringane. Ambisjonen er å få våre viktigaste næringar, og det offentlege verkemiddelapparatet som støttar opp under dei, til å jobbe betre saman. Målet statsministeren formulerte er å gjere Noreg til «verdas fremste havnasjon».

Både ambisjonen og arbeidet som no er sett i gang er all grunn til å applaudere. Under ligg ei erkjenning av at dei fleste nye næringar her i landet, som i andre land, har vakse ut av eksisterande næringar. Slik til dømes oljeindustrien bygde på ein lang tradisjon for skipsbygging og mekanisk småindustri.

Les også

Havet er den nye landjorden

Spesielt sterk blir samanhengen når den er knytt til ein naturleg konkurransefordel, som tilgang til fisk og olje. I eit lite land som Noreg må vi konsentrere ressursane og satsingane i dei næringane vi har størst sjanse for å lykkast, samstundes som vi må følgje opp når det skaper heilt nye næringsvegar.

Forsking og utvikling er her ein av hjørnesteinane, og regjeringa er på rett veg når dei går vidare i arbeidet med å samlokalisere dei sentrale havforskingsmiljøa i Bergen. Ved sidan av oljenæringa er det her Noreg verkeleg har sjansen til å bli best i verda.

Tankane om å skape synergiar mellom dei havvendte næringane er ikkje nye. Til dømes har oljeleverandørindustrien for lengst kasta seg inn i arbeidet om å skape framtidas oppdrettsanlegg, ofte med offentleg FOU-støtte. Skal havstrategien ha ein verdi, må den tilføre noko meir enn det som allereie finst.

I alle slike strategiar ligg det ein fare for at det blir mest prat. Ved å gå så høgt ut har regjeringa skaffa seg ei rimeleg stor fallhøgde. Det er bra, fordi det legg press på alle involverte partar til å lykkast. Det vil landet vere tent med.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».