For tidleg med Tesla-kutt

Senterpartiets nei til å endre elbilavgiftene bør leggje saka død.

GRØN INNOVASJON: Formålet med dagens rause ordningar er å få folk til å velje elbil framfor fossilbil. Det er like viktig for dyre bilar som Tesla, som rimelege bilar, skriv BT på leiarplass. Scanpix

Søndag avviste landsmøtet i Senterpartiet eit forslag om å endre bilavgiftene. Det var klokt. Forslaget ville gjort dyre elbilar langt dyrare. Formålet med dagens ordning er å få kjøparar til å velje elbilar framfor fossilbilar. Det er like viktig for dyre bilar, som for rimelege.

Innstillinga frå programkomiteen gjekk ut på å erstatte avgiftsfritaket for elbilar med eit fast støttebeløp. Det var meint å råke meir luksuriøse elbilar, som gjerne blir symbolisert med bilmerket Tesla. For dei dyraste elbilane utgjer avgiftsfritaket i dag nærmare ein halv million kroner, medan den utgjer godt under hundre tusen for rimelegare modellar som den populære Nissan Leaf.

Det er forståeleg at folk reagerer på at luksusbilar tek imot så store subsidiar, også fordi kjøparane av bilane har god råd. Ifølgje Dagens Næringsliv tente Tesla-kjøparane i snitt 1,1 millionar kroner i 2015.

Men forslaget frå programkomiteen, som nestleiar Ola Borten Moe fronta i media før landsmøtet, var like fullt feil. Dei kraftige støtteordningane for elbil handlar ikkje berre om å få ned utsleppa i dag, men om å fremje innovasjon. Nye løysingar blir ofte først brukt i dyre bilar, fordi nyvinning kostar. Det fremste dømet på det er Tesla.

Les også

BT meiner: Tesla-tøys frå Ap

Før landsmøtet frykta Norsk elbilforening at Senterpartiet ville ta med seg forslaget inn i eventuelle regjeringsforhandlingar til hausten. Arbeidarpartiet gjekk før jul inn for eit tak på avgiftsfritaket for bilar som kostar over 500.000 kroner, for å råke Tesla-kjøparar.

Båe forslaga er venstrepopulistisk symbolpolitikk, og må sjåast som ein del av valkampen. At Senterpartiet viste ansvar ved å avvise forslaget tener dei til ære. Det same gjeld finansminister Siv Jensen (Frp), som avviste Arbeidarpartiets forslag før jul.

Kravet om eit tak på avgiftsfritaket, som Ap fremja i Stortinget, ligg ikkje i forslaget til nytt program for partiet. Senterpartiets vedtak bør inspirere Ap til å droppe heile saka når dei har sitt landsmøte seinare i vår.

På eit tidspunkt vil det vere naturleg å fase ut støtta til elbilar. Men det ligg framleis ein del år fram i tid. Enno står mykje att før elbilar kan konkurrere med bensin- og dieselbilar i pris og køyrelengde. Å ofre ei velfungerande ordning for å sanke stemmer er ansvarslaust og korttenkt.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».