Bergen bestemmer

Byutviklinga i Bergen bør ikkje styrast frå Oslo.

LOKALDEMOKRATI: – Det er rimeleg spesielt at Høgre, Frp og Partiet Dei Kristne vil starte valkampen med å flytte makt frå Bergen til Oslo, meiner BT. Ørjan Deisz (Arkiv)

Høgresida vil be regjeringa sjekke om byrådets kommuneplan er lovleg. Denne lovlegskapskontrollen ser mest ut som ei politisk markering.

Kommuneplanens Arealdel (KPA) er den overordna planen for korleis Bergen skal utvikle seg. Den er styrande for all byutvikling, og er det viktigaste dokumentet bystyret vedtek kvar periode.

Planen som opposisjonen protesterer mot, vart vedteken i juni. Den legg opp til fortetting i sentrale strøk, og kan gjere Bergen mindre avhengig av bil. Dette er store stridstema i Bergen. Ein kan meine at kommuneplanen ikkje bør avgjerast like før eit val – men det same gjorde det førre Høgre-byrådet.

Det er rimeleg spesielt at Høgre, Frp og Partiet Dei Kristne vil starte lokalvalkampen med å flytte makt frå Bergen til Oslo.

Eit av punkta Høgre, Frp og Partiet Dei Kristne vil be regjeringa vurdere, er om Fylkesmannen har drive ei utilbørleg press i planprosessen.

Fylkesmannen skreiv nemleg i eit brev at endringar i planutkastet ville utløyse ein ny høyringsprosess.

Det er heilt vanleg prosedyre, og sikrar at kommunen ikkje berre kan slenge inn kontroversielle forslag etter at innbyggarane har fått sagt sitt. Det er eit krav som sikrar at planen er demokratisk forankra.

Les også

Debatt: Bergen er ikke lenger «tilfeldighetenes by»

Byrådet får òg kritikk for at dei gav seg i møte med Fylkesmannen når det gjeld tolking av støysoner. Det er ei politisk vurdering, og det er neppe ulovleg at kommunen lar Fylkesmannens tolking vinne fram.

Denne kritikken ber preg av ein omkamp.

Ein tredje kritikk Høgre ber fram, er at byrådets plan trugar privat eigedomsrett, ved å krevje at alle naturområde skal vere offentleg tilgjengeleg. Det er neppe tilfelle. Det er friluftslova som definerer og avgrensar allemannsretten i Noreg, ikkje kommuneplanen i Bergen.

Høgresida i bypolitikken bør heller samle støtte rundt sin politikk, enn å be regjeringa overstyre lokaldemokratiet i ein så viktig sak.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».