Regjeringspartia burde ha teke sjølvkritikk for Nav-skandalen

Av og til bør politikarane bøye nakken i møte med folket.

Publisert Publisert

10. januar var det høyring i Stortinget om Nav-skandalen. Her møter statsminister Erna Solberg (H) Nav-offeret Rune Halseth. Foto: Lise Åserud, NTB Scanpix (arkiv)

  1. Leserne mener

Tysdag denne veka kom stortingspartia med sine konklusjonar om ansvaret i Nav-skandalen. Etter ei omfattande høyring i Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité er svaret klart:

Dei tre raudgrøne partia, Ap, SV og Sp, går for sterk kritikk av regjeringa. Dette er eit såkalla daddelvedtak, og er den sterkaste forma for kritikk eit parti kan kome med før ein erklærer mistillit mot ein eller fleire statsrådar.

Den einaste grunnen til at dei ikkje fremjar mistillit, er rett og slett at Anniken Hauglie (H) gjekk av som arbeids- og sosialminister for ein månad sidan.

«At justismord kunne vært forhindret er så alvorlig at regjeringen må ta sitt ansvar for det, erkjenne det og ta kritikk for det», sa SVs stortingsrepresentant Freddy André Øvstegård til VG.

Les også

Trygdeskandalen: Opposisjonen alene om «sterk kritikk»

For regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre stiller saka seg derimot heilt annleis. «Jeg opplever at regjeringen gjorde de nødvendige undersøkelsene så snart de fikk vite om dette», sa stortingsrepresentant Svein Harberg (H) til NRK.

Det politiske ansvaret i denne saka er berre eitt av mange spørsmål i kjølvatnet av Nav-skandalen. Det aller viktigaste er sjølvsagt at uriktige dommar og reine justismord blir rydda opp i.

Det er heller ikkje berre dagens regjering som har eit ansvar her. Mykje tyder likevel på at Hauglie kunne reagert raskare og tydelegare då saka fyrst kom til departementet.

Derfor er det for enkelt når regjeringa no frikjenner seg sjølv. Staten har gjort stor urett i møte med borgarar i svært vanskelege livssituasjonar. Det er ikkje nok å peike på systemfeil.

Les også

Unge på uføretrygd utgjør bare 6 prosent av totalen. Her er syv grafer som viser hvor sammensatt situasjonen her.

Til sjuande og sist er det nokon som sit med det politiske ansvaret.

Ekstra interessant er det at heller ikkje Framstegspartiet ser nokon grunn til å sjå denne saka med friske auge på utsida av regjeringskontora. I andre saker har dei vore meir enn villige til å vurdere standpunkt på nytt.

I den politiske oppvasken etter Nav-skandalen stiller dei seg taust og lojalt bak makta. Det bør Framstegspartiet få høyre neste gong dei hevdar å tale den vesle mann og kvinnes sak i møte med maktovergrep og offentleg urett.

Regjeringspartia har no frikjent seg sjølve. Det er sikkert behageleg. Men det er ikkje rett.

Av og til bør politikarane bøye nakken i møte med folket.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».