Frp vil straffe helsepersonell ved feilbehandling

Amerikanske tilstandar i helsesektoren er det siste Noreg treng.

HAUKELAND: Det siste året har Helse Bergen fått to millionbøter for feilbehandling med dødsfall som følgje. Marit Hommedal, NTB Scanpix (arkiv)

Det hender diverre at pasientar får feil eller for dårleg behandling ved norske sjukehus. Resultatet kan bli dårlegare helse eller i verste fall død.

Også på Vestlandet blir det gjort feil. Helse Bergen har fått to millionbøter på eitt år for lovbrot, fordi lova krev forsvarleg behandling og organisering som syt for det.

Sist veke fekk helseføretaket ei bot på 1,5 millionar kroner etter Daniel Nicolai Guldbergs død på akuttmottaket på Haukeland. I fjor haust fekk same føretak ei tilsvarande bot etter at seksåringen Djabrail Sulejmanov døde ved same sjukehus.

Det har fått Frps helsepolitiske talsperson Åshild Bruun-Gundersen til å tenkje nytt, ifølgje NRK Hordaland. Ho meiner bøtene ikkje har hatt effekt. «Nå vil jeg se at de personene som er involvert i dette får et større personlig ansvar for valgene de selv gjør.»

Dette er ein svært dårleg idé.

Det finst ei lang rekke grunnar til at feil skjer ved norske sjukehus. For låg bemanning, feil organisering, manglande utstyr tilgjengeleg og menneskeleg svikt er berre nokre av mange mogelege grunnar.

Les også

Sykepleiere og leger reagerer på Frp-utspill

Framlegget bygger på ei manglande forståing av sjølve sektoren. Folk er ikkje på jobb som privatpersonar, men som tilsette. Dei bør ikkje bli straffa for å ta val i krevjande situasjonar.

Tvert imot: Det kan føre til at færre tør å ta vanskelege val, og at færre søkjer seg til dei mest utsette stillingane. Resultatet kan altså bli eit dårlegare helsevesen.

Det er viktig, som Frp peikar på, at ansvaret i store organisasjonar ikkje blir pulverisert. Og frå tid til annan er det tilsette i offentleg sektor som med overlegg har handla i strid med samfunnets og borgaranes beste.

Men helsesektoren treng modige tilsette som ikkje fryktar represaliar når dei skal gjere jobben sin. Både legar og sjukepleiarar er svært negative til framlegget. Det er heller ikkje rett at leiarane som enkeltpersonar skal ha dette ansvaret.

USA er skrekkdømet: Der rår ei frykt for å gjere feil på jobben. Det lammar heile samfunnet og gjer at ressursane blir brukte feil.

Det vil bli gjort feil ved sjukehusa også i framtida. Då må kulturen legge til rette for at folk tør å seie frå og lære av feila. Norsk helsevesen er bygd på kunnskap og tillit.

Slik må det framleis vere, også i framtida.