Gje Oslo ei hjelpande hand

Hovudstaden treng hjelp til å dempe presset på bustadprisane: Flytt statlege arbeidsplassar ut.

Publisert: Publisert:

FOR TETT: Hovudstaden viser store pressproblem. For mange vil bu der. Presset bør lettast, ved å flytte ut statlege arbeidsplassar, skriv BT på leiarplass. Heiko Junge, NTB scanpix

Finanstilsynet sendte denne veka ut forslag til nye innstrammingar i krava til bustadlån: Ingen lån over 4,5 gongar bruttoinntekt (mot fem gongar i dag), og færre skjønsmessige unntak frå lånekrava.

Det er lett å dele uroa tilsynet har over at gjeldsveksten i Noreg held fram. Norske hushaldningar ligg allereie på den internasjonale gjeldstoppen. Men desse tiltaka går laus på symptomet, ikkje årsaka.

Det er prisveksten på bustader som driv gjeldsveksten, og prisveksten er igjen eit resultat av for få bustader og for mange kjøparar. Men dette problemet er no nesten berre eit Oslo-fenomen.

Etter oljeprisfallet i 2015 har prisane på bustader flata ut langs heile kysten frå Agder til Trøndelag. I og rundt Oslo har prisane derimot halde fram med å auke.

Berre det siste året har bustadprisane i hovudstaden auka med 3,8 prosent, mot 1,6 prosent i Bergen.

Les også

Kan bli vanskeligere å få boliglån: Finanstilsynet vil kutte i bankenes skjønn og stramme inn.

Gjennomsnittleg kvadratmeterpris i Oslo er no over 73.000 kroner, mot 46.000 i Trondheim, 44.000 i Bergen og 42.000 i Stavanger sentrum.

Utanfor byane er det billigare. Utfordringane for nyeteblerarar er med andre ord heilt andre i Oslo enn resten av landet.

Forskjellane aukar, og det skuldast i stor grad endringar i folketalet.

Sidan 2015 har folketalsveksten avtatt i byane langs kysten, medan den held fram med full kraft i og rundt Oslo. Alle prognoser viser at denne utviklinga vil fortsetje i tiåra framover.

At kysten, der store delar av norsk eksportnæring held til, blir svekka, bør uroe fleire enn oss som bur her.

Og sjølv om Oslo kan gle seg over sin eigen vekst, viser bustadprisane at veksten ikkje er uproblematisk.

Les også

Slik sende dei nye bomstasjonane veljarane rett i fanget på Aafløy

Forslaget frå Finanstilsynet bør føre til ein diskusjon om korleis landet blir styrt. Ein del av folketalsveksten i Oslo skuldast eit levande næringsliv, noko som er bra både for Oslo og landet.

Men for å gje plass til vidare vekst, og skape ein meir balansert utvikling i landet, trengs det ein langt meir seriøs diskusjon om å flytte statlege arbeidsplassar ut av hovudstaden.

I alt jobbar 73.000 menneskje i statleg forvaltning i Oslo. I tillegg kjem ein haug interesseorganisasjonar som sirklar rundt denne politiske makta.

Politikarar og interessegrupper i Oslo har til no kjempa steinhardt mot ei kvar utflytting av statlege arbeidsplassar. Det tener ikkje byens borgarar totalt sett, men det er neppe nok til å dempe havesjuka. Mykje vil gjerne ha meir.

Difor må no storting og regjering vise kven som faktisk styrer dette landet, og setje i gang utflyttingsprosessen.

Publisert: