Forskinga må vege tungt i striden om iskanten

Striden om iskantens plassering og oljeutvinning i nord er politisk. Likevel tener alle på at avgjerda kviler på forsking.

Publisert Publisert

Det er eit politisk spørsmål kor iskanten i Barentshavet ligg. Forskinga må likevel ligge til grunn for avgjerda, meiner Bergens Tidende. Her frå ein iskald demonstrasjon mot oljeboring ved iskanten i 2015. Foto: Berit Roald, NTB Scanpix (arkiv)

  1. Leserne mener

Denne våren kan éi sak bli viktigare og vanskelegare enn alle andre på Stortinget: Slaget om kor iskanten i Barentshavet eigentleg går.

Spørsmålet er svært viktig, fordi det i sin tur vil avgjere kor det er aktuelt å leite etter olje og gass. Dette er eit sårbart havområde, men også rikt på mat for plankton, fisk, sjøfugl, sjøpattedyr og organismar som lever på havbotnen.

Derfor er striden om iskanten eit spørsmål om både naturvern, klima, økonomi og fiskeri.

I haust kom rapporten frå Faglig forum, ekspertgruppa som dannar grunnlaget for regjeringas arbeid med saka. Der var innstillinga delt: nokon meinte iskanten bør gå lengre sør enn i dag, andre meinte den bør gå lengre nord.

Problemet er berre dette: det vitskapelege miljøet er heilt samstemt i at iskanten bør leggast lengre sør, medan Oljedirektoratet ifølgje Aftenposten vil flytte den nordover.

Les også

Podkast: – Eg vil heller sjå kloden koke enn å melde meg inn i den Facebook-gruppa der

Havforskingsinstituttet kritiserte prosessen i BT fredag. Dei meiner dagens ordning med Faglig forum gjer det vanskeleg for folk å forstå at forskingsmiljøa har eitt felles syn i denne saka.

Den rotete ordninga har hatt «negative konsekvenser for prosessens legitimitet og kredibilitet», skriv dei i eit brev til Miljødirektoratet.

No blir dei nemleg blanda saman med heilt andre interesser i ein felles rapport. Det er openbert at Oljedirektoratet legg andre syn og interesser til grunn enn kva Havforskingsinstituttet gjer.

Det er noko smått absurd med at det er dei menneskeskapte klimaendringane som gjer at iskanten flyttar seg nordover, noko som igjen gjer det mogeleg å bore etter olje på stadig høgare breiddegradar.

Spørsmålet om oljeutvinning er til sjuande og sist politisk. Det er likevel slik at forsking må ligge til grunn for avgjerda. Dagens system gjer det vanskelegare for forskarane å prege debatten, når deira syn blir sausa saman med mange andre i ein felles rapport.

Dette er ei sak der kunnskap og langsiktig politikk bør trumfe omsynet til profitt. Iskanten bør flyttast lengre sør.

Ei slik avgjerd får legitimitet av å bygge på fakta frå våre beste fagmiljø.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».