Også små trussamfunn fortener statsstøtte

Å kutte statsstøtta til mindre forsamlingar kan svekkje religionsmangfaldet.

Publisert Publisert

STØTTE DEI SMÅ: Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) vil at grensa for statsstøtte til trussamfunn skal gå ved 50 medlemmar. Arbeiderpartiet vil ha den ved 500 medlemmar. «Får Arbeiderpartiet fleirtal i saka, vil det medføre at heile 650 av 850 trussamfunn vert fråtekne økonomisk støtte. Truleg vil mange av dei måtte leggje ned, dersom framlegget vert realitet», meiner BT. Foto: Bård Bøe

  1. Leserne mener

I iveren etter å kontrollere at trussamfunna held seg på rett side av lova, må ikkje politikarane gjere tiltak som fører til at mange av dei minste må stengje dørene.

Det er nettopp dette Arbeiderpartiet sitt framlegg kan føre til.

Partiet føreslår å kutte statsstøtta for alle trus- og livssynssamfunn med færre enn 500 medlemmar.

At partiet i tillegg vil påleggje mottakarane å underteikne ein «samfunnskontrakt», viser at partiet har liten tillit til at trussamfunna evner å fylgje lover og reglar.

Les også

Ropstad åpner døren for Senterpartiet

Trus- og livssynssamfunna får i dag rundt 1100 kroner pr. medlem frå staten. For mange små forsamlingar er dette viktig støtte.

Får Arbeiderpartiet fleirtal i saka, vil det medføre at heile 650 av 850 trussamfunn vert fråtekne økonomisk støtte. Truleg vil mange av dei måtte leggje ned, dersom framlegget vert realitet.

I vår region vil det ramme mellom andre Kristent Fellesskap i Bergen, Bergen muslimske forening og Nordhordland bibelsenter.

Det er forståeleg at tilskuddsordninga for trussamfunn kan vere krevjande å administrere. Å forenkle ordninga, er eit heiderleg mål.

Men regjeringa sitt framlegg om å setje grensa ved 50 medlemmar, reflekterer mykje betre røynda rundt om i landet.

Mange små forsamlingar held til langt unna storbyane, der medlemsgrunnlaget er skrint. Dei er like fullt viktige for lokalsamfunna og meiningsmangfaldet.

Ap vil også at trussamfunna skal signere på ei samfunnskontrakt om å følgje norsk lov før dei får statstilskot.

Det er naturleg at staten set visse krav for å dele ut støtte til religiøse organisasjonar. Ikkje minst på bakgrunn av debattane om diskriminering og negativ sosial kontroll i enkelte trussamfunn.

Men bak ein slik kontrakt ligg det og ein eim av statleg overformynderi.

Kampen mot religiøse overgrep og undertrykking bør førast med eksisterande og nye lovar og reglar, og ikkje minst vere nedfelt i dei ordinære vilkåra for statsstøtte.

Les også

Hareide har fått rådgiver

Arbeiderparti-framlegget kan gjere dialogen mellom det offentlege og trussamfunna vanskelegare, og føre til mindre innsyn og mindre opne religiøse organisasjonar. Det er ingen tent med.

Religiøst mangfald er ein av grunnsteinane i eit levande demokrati.

Det bør vere staten si oppgåve å støtte kyrkjelyder og samfunn som står utanfor dei rådande trusretningane. Også dei aller minste.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».