Tyskland er Europas håp

Det tyske valet vil stå mellom «Mister Europa» og «Frau Europa». Det er eit lyspunkt i ei tid der nasjonalismen er på frammarsj.

LEIAR: Angela Merkel får no konkurranse frå sosialdemokraten Martin Schulz i det tyske valet til hausten. Begge lovar langt betre for Europa enn Storbriannia og Theresa May, skriv BT på leiarplass.

NTB Scanpix

Måndag vart det klart at Martin Schulz blir ny leiar for dei tyske sosialdemokratane (SPD). Med det blir han òg partiet sin kandidat som forbundskanslar.

I ei tid med aukande nasjonalisme over store delar av verda er Schulz eit uvanleg val. Mesteparten av karrieren som politikar har han vore i Brussel, der han i førre veke gjekk av etter fem år som president i EU-parlamentet. Det sterke engasjementet for Europa har gjeve Schulz kallenamnet «Mister Europa» i Tyskland.

Med Schulz vil begge dei to største partia i Tyskland bli fronta av sentrale og uredde forkjemparar for eit sameint Europa. Med eit SPD med rundt 20 prosent oppslutning på meiningsmålingane har Schulz neppe nokon sjanse til å bli forbundskanslar til hausten, sjølv om han er venta å gje partiet eit løft. Angela Merkel går for fire nye år, og partiet hennar, CDU, nærmar seg 40 prosent oppslutning på dei same målingane.

Alt tyder på at ein av desse to, mest truleg Merkel, skal leie Tyskland dei neste fire åra. Det er eit lyspunkt i ei verd der Donald Trump er president i USA, Marie Le Pen kan bli president i Frankrike, Storbritannia er på veg ut av EU, og nasjonalistar og «sterke menn» pregar sentrale land frå India og Japan til Tyrkia, Russland og Israel.

Tyskland er sjølvsagt ikkje upåverka av det nye nasjonalistiske spøkjelset som no går omkring i verda. Det høgreradikale partiet Alternativ for Tyskland (AfD) har hatt ein kraftig vekst dei siste to åra, men har likevel berre 11 prosent på meiningsmålingane. Framleis legg krigshistoria sterke føringar på det politiske landskapet i Tyskland, sjølv om AfD no tøyer grensene. Nyleg omtalte partiets leiar i delstaten Thüringen, Björn Höcke, Holocaust-monumentet i Berlin som eit skammeleg minnesmerke.

Angela Merkel har vist ei imponerande politisk manøvreringsevne etter at ho vart utsett for massiv kritikk i kjølvatnet av hennar liberale haldning til å ta i mot flyktningar frå Syria-krigen. Ho måtte endre innvandringspolitikken i meir restriktiv retning, men utan å gje slepp på grunnleggjande prinsipp.

For Europa står no mykje på spel. Britanes utmelding av EU har sett ny kveik i nasjonalistiske parti over heile det Vest-Europa som i si tid var utgangspunktet for unionen. Når det tyske valet står mellom Schulz og Merkel, har Tyskland styrkja si stilling som det sivilatoriske prosjektet EUs sterkaste forsvararar. Vi får vone dei kan makte å redde Europa frå seg sjølv. Lett blir det ikkje.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».