Underbemanna legevakter

LEIAR: Helsevesenets frontlinetenester bør ikkje organiserast som eit sjansespel.

Publisert:

Voss interkommunale legevakt meiner det er nok med berre ein lege på vakt om kvardagane. Det kan visa seg å bli eit dristig eksperiment. Omlegging av dei offentlege helsetenestene skjer no i så stort tempo og omfang, at det bør mana til varsemd.

Legevakta på Voss omfattar seks kommunar med om lag 30.000 fastbuande og mange feriegjester, spreidde over 5000 kvadratkilometer. Eit slikt ansvarsområde tilseier at det kan oppstå uforsvarlege situasjonar når den eine legen må rykkja ut til fjerne stader. Kritikarane viser dessutan til behovet for å sikra at det finst erfarne legar til vakttenestene.

Norsk kompetansesenter for lege— medisin tilrår to legar på vakt for å driva forsvarleg. Kommunalsjef for helse og omsorg i Voss, Radina Trengereid, svarar med at ei tilråding ikkje inneber noka plikt.

Ho viser til at det er lagt opp til eit betydeleg løft på fagleg kvalitet og utvikling, og at bemanninga er godkjent av dei ansvarlege kommuneoverlegane i heile legevaktdistriktet. Dertil er ho open for at det kan bli aktuelt med ei oppjustering av talet på legevaktlegar.

Omlegging av legevakttenestene er ei av fleire endringar i helseomsorga. Den såkalla samhandlingsreforma inneber at sjukehuspasientar kan bli tidlegare utskrivne enn før, med tilhøyrande meiransvar for kommunane, som må skaffa plass på sjukeheimar eller påta seg heimeomsorg for dei utskrivne pasientane. Endringar i sjukehusstrukturen kan også få konsekvensar for kommunane.

I mange tilfelle er legevaktene avgjerande for liv og helse

I norske helsereformer har det vore tendens til at omleggingar skjer utan tilstrekkeleg praktisk førebuing og tilrettelegging. Overføring av statlege midlar i takt med ansvarsoverføringa til kommunane har også ofte svikta. Desse røynslene burde tilseia at det blir vist ekstra varsemd med bruk av sparekniven når legevaktene blir omorganiserte.

I mange tilfelle er legevaktene avgjerande for liv og helse. Luft- ambulansen har nok gjort tilgangen til redningsapparatet meir tilgjengeleg, men luftambulansens utrykkingar er baserte på kritiske hjelpebehov. Kritikarane på Voss påpeikar dessutan at det slett ikkje alltid er flygevêr i dette distriktet.

Om Radina Trengereid har rett i at det er nok med ein lege på vakt, bør ei slik organisering vera basert på praktisk erfaring over ein lengre periode. Først då bør det avgjerast om ein-lege-ordninga er forsvarleg eller ikkje.

Noreg har svært god legedekning samanlikna med dei aller fleste land. Styresmaktene har plikt til å ettersjå at denne ressursen blir best mogleg utnytta. Men dette ansvaret må også innebera at effektiviseringstiltaka er godt funderte og samordna. Feilsteg og dårleg planlegging fører gjerne til auka pengeforbruk og dårlegare ressursutnytting.

For styresmaktene må det vera avgjerande at tillita til helsestellet ikkje blir svekt. Legevaktene er ei frontteneste i så måte. Det må mana til ekstra varsemd.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».