Fornuftig resultat

Årets lønsoppgjer viser at det norske trepartssamarbeidet framleis fungerer godt.

SEMJE: 13 timar på overtid vart LO-sjef Hans Christian Gabrielsen og NHO-sjef Kristin Skogen Lund samde om årets lønsoppgjer, med hjelp frå riksmeklar Nils Dalseide og regjeringa. Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Nok ein gong har NHO og LO vist at dei maktar å ta nasjonalt ansvar i lønsoppgjeret. Resultatet partane presenterte søndag var eit godt kompromiss, som ikkje rokkar ved sjølve grunnlaget for landets framtidige vekst: arbeidslinja.

LO og YS kom inn i forhandlingane med omfattande krav, ikkje minst på pensjon. LO la heile privat sektor bak krava, i eit såkalla samordna oppgjer. Når den største streiken på ti år ikkje vart noko av, skuldast det mellom anna at LO valde å gje seg på kravet om forbetringar i tenestepensjonen.

Den obligatoriske tenestepensjonen er lovfesta, og LO vil no i staden prøve å få Stortinget til å endre lova. Får dei medhald i opptening frå første krone, vil det påføre norske bedrifter store kostnader. Men ved å ta det i lovs form vil ein unngå at berre NHO-organiserte bedrifter får denne kostnaden, noko som ville vore konkurransevridande.

Les også

Partene unngikk storstreik

AFP er eigentleg ein bastard i det norske pensjonssystemet. Det som ein gong var ein tidlegpensjon for dei som ikkje hadde helse til å jobbe fram til pensjonsalder, dei såkalla slitarane, har no blitt ein tilleggspensjon. Men han gjeld berre bedrifter som er medlem i ordninga, trass i at staten finansierer ein tredel.

Strengt tatt burde difor heile AFP-ordninga blitt fjerna, og heller gjort til ein del av den obligatoriske tenestepensjonen. Men sidan ordninga er nedfelt i tariffavtalar har fagrørsla i røynda vetorett mot ei nedlegging, så det vil neppe skje med det første.

Dermed stod ein att med å forbetre dagens AFP-ordning, noko det er gode grunnar til å gjere. «Hol» i ordninga gjer at ho i dag kan slå svært urettferdig ut. To av desse hola blir no tetta, medan resten av AFP-floken skal utgreiast i samarbeid med regjeringa.

Les også

Disse AFP-fellene må du unngå

Det viktigaste i pensjonsløysinga i årets oppgjer er likevel at det er semje om prinsippet i pensjonsreforma, om at det skal løne seg å stå i arbeid. Prinsippet er grunnleggjande for at Noreg skal ha nok arbeidskraft og høge nok skatteinntekter i framtida, fordi det motiverer folk til å jobbe lenger.

Taparane i eit slikt system er dei som av helsemessige årsaker ikkje klarer å jobbe fram til pensjonsalder. Partane vart samde om å bruke sluttvederlagsordninga til å finansiere eit nytt «slitartillegg».

Å hindre at «slitarane» blir taparar i pensjonssystemet er viktig for legitimiteten til pensjonssystemet, og for å hindre stadige omkampar. Men det må utformast slik at det ikkje bryt med arbeidslinja.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».