KrF må gje klare abortsvar

No må Noreg få vite kva endringar i abortlova KrF vil ha – og kva konsekvensar dei skal gje.

TÅKETALE: KrF må bidra til å fjerne den tåka som no har lagt seg over abortdebatten, meiner Bergens Tidende. Her er nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad saman med partileiar Knut Arild Hareide på KrF-landsmøtet 2. november. Foto: Bard Bøe (arkiv)

Publisert:

Den som prøver å finne ut kva KrF eigentleg vil i abortsaka, har ei krevjande oppgåve. Partiet vil «primært erstatte dagens abortlov med en lov som sikrer rettsvern for ufødt liv». Det ville ha gjeve ein heilt annan abortpolitikk i Noreg, der kvinners val ville hatt ei langt svakare stilling.

Det er likevel ikkje dette framlegget som no ligg på bordet. Men kva ligg der? KrF-nestleiar Kjell Ingolf Ropstad har sagt at KrF ønskjer seg ei endring som skal gje færre abortar, noko han seinare har gått tilbake på. Ropstad har òg sagt at det i dag blir opna for abort dersom fosteret har leppe-ganespalte eller manglar ei hand, noko Faktisk.no og BT har vist at han ikkje hadde grunnlag for å seie.

KrF snakkar ivrig om «sorteringssamfunnet», trass i at det i dag kjem fleire barn med Downs syndrom til verda enn det som var tilfelle for 50 år sidan. KrFU-leiar Martine Tønnesen har uttalt at Noreg «opplever tvillingabort-turisme». Denne påstanden er tilbakevist av Faktisk.no.

Les også

– Erna, skjerp deg!

Det er KrF som dermed har skapt den forvirringa som no rår i debatten, og det er dei som må klargjere. Norske kvinner og menn må sjølvsagt ha svar på kva KrF vil krevje i det som teiknar til å bli ei hovudsak for den mogelege firepartiregjeringa.

Men også partimedlemene i Venstre, Frp og Høgre må få vite kva KrF konkret ønskjer seg. Dette er parti som ikkje deler KrFs syn på abortspørsmålet. Dersom toppane i dei tre partia går med på ein hestehandel med KrF, må det vere heilt klart for alle kva dette faktisk skal føre til.

Nokre av spørsmåla KrF må avklare, er:

  • Ønskjer KrF seg at denne lovendringa skal føre til færre abortar i Noreg, anten på kort eller lang sikt?
  • Vil det vere kvinner som i dag får innvilga abort som ikkje ville fått det med den lovendringa KrF ønskjer seg?
  • Kva meiner KrF med uttrykket «sorteringssamfunnet»?

Denne debatten treng å kome tilbake i meir fornuftige former. Då må KrF bidra til å fjerne den tåka som no har lagt seg over temaet.