Overvaking utan kontroll

Stortinget har pålagt norske bankar ei kvitvaskingslov dei neppe har skjønt konsekvensen av.

OVERVAKING: I vår vedtok Stortinget ei kvitvaskingslov som pålegg bankane å sjekke langt fleire «risikopersonar», inkludert stortingspolitikarane sjølve. Konsekvensen er at kommersielle selskap utan kontroll lagar databasar over tusenvis av uskuldige nordmenn. Stortinget bør difor granske saka, skriv BT på leiarplass. Tore Meek / NTB Scanpix

«Vegen til helvete er brulagt med gode intensjonar». Sjeldan har ordtaket passa så bra, som det gjer på Stortinget etter Dagens Næringslivs avsløring av det som blir omtalt som verdas største svarteliste, World-Check.

World-Check er ein stor database over «risikopersonar» frå heile verda, operert av det kanadiske selskapet Thomson Reuters Corp. Her finn ein terroristar og kriminelle, men òg ei rekkje uskuldige folk som har eller har hatt ei eller anna form for offentleg stilling. Dei blir definerte som risikopersonar, mellom anna fordi dei kan vere utsett for korrupsjon og utpressing. I tillegg blir deira familiar registrert, inkludert born ned til fem månader.

Lista blir brukt av bankar, etterretning og polititenester over heile verda. Å hamne på lista betyr difor at desse institusjonane er spesielt merksam når namnet dukkar opp. Skal du ha lån eller opne ein konto, vil bankane gjere ein ekstra grundig sjekk av deg.

Å la denne typen overvaking bli utført av ein kommersiell aktør, utan offentleg tilsyn og utan tryggleik for kvaliteten på data, er høgst problematisk. Ifølgje advokat og personvernekspert Jon Wessel-Aas kan både innsamlinga av informasjonen og bruken av den hjå kundane vere ulovleg.

Difor er det djupt alvorleg at Stortinget rett før sommaren vedtok ei ny kvitvaskingslov som vil føre til at fleire «politiske eksponerte personar» (PEP) hamnar i slike lister. Lova pålegg bankane å sjekke langt fleire enn før, både noverande og tidlegare PEP-ar, og deira familiar. I praksis overlèt bankane arbeidet til kommersielle leverandørar som Thomson Reuters.

Det burde ha ringt ei bjølle hjå stortingspolitikarane då utvalet som førebudde kvitvaskingslova i 2016 åtvara mot bruken av kommersielle lister. Ifølgje jusprofessor Jon Petter Rui ved Universitetet i Tromsø skuldast åtvaringa manglande og uriktig informasjon i desse listene.

Det store spørsmålet som står att er kvifor Stortinget ikkje følgde tilrådinga. Å verne samfunnet mot kvitvasking, korrupsjon og terrorisme er sjølvsagt viktig. Men her har Stortinget vedteke ei lov det er vanskeleg å tru dei har skjønt dei fulle konsekvensane av.

No bør Stortinget sjølv gripe fatt i saka og be om ei utgreiing. Slik konsekvensane av kvitvaskingslova står fram no, er prisen for høg. Kan ein ikkje stoppe bruken av desse listene gjennom forskrift eller andre krav, må lova endrast.