Uærleg skremsel frå LO

LO driv valkamp mot noko nesten ingen er for. Det kan dei spare seg.

Ruud, Vidar / NTB scanpix

Eit godt offentleg ordskifte føreset at debattantane fortel sanninga, både om kva dei sjølve vil og om kva motstandarane vil. Når Høgre seier at dei ikkje vil kutte i sjukeløna, bør dei bli trudd. Trass i det, vel LO å konsentrere valkampen sin om ein bodskap om at sjukeløna må reddast.

Kven ho skal reddast mot, er ikkje lett å forstå.

Torsdag var LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen ute i Klassekampen for å slå alarm. Han er uroleg for at Høgre og Frp vil gå endå lengre til høgre viss dei vinn valet. Han skapar eit inntrykk av at regjeringspartia bløffar når dei har moderert politikken, og gått vekk frå tidlegare standpunkt.

Dersom ein vitjar LO sin nettstad, er «Ikke kutt sykelønna» det første ein ser. Facebook-sida til organisasjonen er full av innlegg med den same bodskapen. Dette til trass for at Venstre er det einaste partiet som ønskjer å redusere sjukeløna, og dei ligg no og vakar rundt sperregrensa.

Dei borgarlege partia har meir enn nok standpunkt som arbeidarrørsla kan kritisere, utan at dei treng å så tvil om dei faktiske lovnadene.

I intervjuet med Klassekampen, trakk Gabrielsen fram fleire saker der opposisjonen har pressa regjeringa. «Høgre og Frp opplevde massiv motstand då dei gjekk laus på arbeidsmiljølova, retten til sjølvbestemt abort eller fedrekvoten», sa han, og vidare: «Men om dei likevel opplever at dei kan kome unna med det og vinne valet trass i den motstanden vi har gjeve dei undervegs, då fryktar eg at dei vil ta det som ein inspirasjon til å leggje politikken endå lengre til høgre i neste periode».

Det har han liten grunn til å frykte. Ei borgarleg regjering vil forhåpentleg føre borgarleg politikk, men om Høgre har flytta seg, er det i retning sentrum, og ikkje lengre til høgre.

Dei døma Gabrielsen nemner, er prov på nettopp det. Dei borgarlege kjem ikkje til å gå inn for noko reservasjonsmogelegheit for fastlegar. Dei vil ikkje fjerne fedrekvoten.

I tillegg kjem dei borgarlege neppe til å rasere arbeidsmiljølova, akkurat som endringane dei gjorde denne perioden ikkje var den store omveltinga av norsk arbeidsliv, som LO har framstilt det som.

Rett nok fortener Høgre kritikk for standpunkta deira om sjukeløna. Ikkje med LOs insinuasjon om at dei bløffar når dei seier at dei ikkje vil kutte, men nettopp fordi dei ikkje vil kutte. Men heller ikkje neste stortingsperiode vil nokon ha mot til å gjere det som trengst.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».