Send staten ut på bygda

Ein ny modell for plassering av statlege arbeidsplassar kan gje både sterkare fagmiljø og betre utflytting.

HAR EIN PLAN: Måndag lanserte kommunalminister Monica Mæland (H) og Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) ein ny modell for plassering av statlege arbeidsplassar. Silje Katrine Robinson (arkiv)

I det politiske ordskiftet er det brei semje om at det er viktig at veksten i statlege arbeidsplassar skjer utanfor Oslo. I praksis er det det motsette som skjer:

Frå 2014 til 2018 auka talet på statlege arbeidsplassar i Oslo med over 2000. I Sogn og Fjordane gjekk talet ned med om lag 200 i same periode, viser tal NRK har henta inn.

Utviklinga kjem trass i gode intensjonar om både utflytting av eksisterande arbeidsplassar og planar for nyetableringar utanfor Oslo. Det er alarmerande at staten veks seg stadig større i Oslo og er mindre til stades i resten av landet.

Det handlar om viktige kompetansearbeidsplassar, men også om kva perspektiv som blir viktige i arbeidet: Noreg ser ulikt ut frå Oslo og Florø.

Derfor er det gledeleg at regjeringa no legg fram ein ny modell for plassering av statlege arbeidsplassar. Måndag la kommunalminister Monica Mæland (H) og Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) fram eit pilotprosjekt for «Statens hus».

Planen er at mindre avdelingar av statlege etatar blir samlokalisert og dermed blir ein del av eit felles miljø. Det kan gjere det lettare å flytte ut arbeidsplassar frå Oslo, fordi ein ikkje må flytte eit heilt direktorat.

Les også

Debatt: Sogn og Fjordane kan ikkje vere eit verna reservat

Det kan også gjere at mindre plassar blir aktuelle for arbeidsplassar frå staten. Der det allereie er eit miljø av til dømes juristar, nettutviklarar eller økonomar, kan det vere lettare å rekruttere nye.

No vil regjeringa teste ut modellen på tre plassar i Distrikts-Noreg. Det er eit godt initiativ, og kan bøte på ein del av den Oslo-dominansen som elles pregar staten.

I distriktspolitikken er det svært viktig at staten koordinerer seg godt. Eit av dei grellaste døma på det motsette, er Sandnessjøen på helgelandskysten.

Her har staten planar om nedlegging av universitetsavdelinga, sjukehuset, tingretten og trafikkstasjonen. Her har ikkje staten greidd å snakke saman. Resultatet er at byen blir råka mykje hardare enn kva det har vore politisk ønske om.

Planane om «Statens hus» er eit viktig steg i motsett retning. Gjennom samlokalisering står ulike miljø sterkare saman. Det kan gje eit betre samarbeid på tvers av sektorane.

Og sist, men ikkje minst: Staten treng fleire og betre lyttepostar utanfor Oslo og dei andre store byane.

Det vil gje betre svar på morgondagens utfordringar, til beste for folk over heile landet.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».