Ein pisk oppdrettsnæringa bør elske

Trafikklyssystemet er viktig for å skape ro rundt oppdrettsnæringa, og grunnlag for ny vekst.

Publisert Publisert

Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen

  1. Leserne mener

Vår nest viktigaste eksportnæring gjekk i går opp til eksamen. Då kom resultatet av det såkalla trafikklyssystemet. Regjeringa har bestemt kva område som får utvide produksjonen, kven som får halde fram som i dag og kven som må kutte.

Oppdrettarane mellom Bergen og Molde fekk stryk, eller rettare sagt raudt lys. Her må produksjonen reduserast med seks prosent. Mellom Sotra og Karmøy, og Andøya og Senja blir det nullvekst, medan resten av kysten får grønt lys til å auke produksjonen med seks prosent.

Oppdrettsnæringa slit med både miljøryktet og lakselus. Sjølv om bransjeorganisasjonen Sjømat Norge varslar at dei vil kjempe for å få fjerna krava om kutt, bør næringa innsjå at dei på sikt vil tene på reguleringa.

Noreg har ein god og lang tradisjon for ein kunnskapsbasert regulering av fiskeria. Det har vore ein vilkårslaus suksess, som hindra at fiskerinæringa undergrov sin eigen eksistens gjennom overfiske.

På same måte vil trafikklyssystemet hjelpe oppdrettsnæringa over i ei meir berekraftig drift. Reguleringa legg press på næringa til å løyse problema næringa har med lakselus. Det vil dei tene på etter kvart, sjølv om krava om kutt no kan følast brutale.

Les også

BT-leiar: Ikkje friskmeld enno

Oppdrettsnæringa er svært viktig for norsk økonomi. Dyrevelferd og miljøproblem er dårleg reklame for næringa, både i Noreg og internasjonalt. God styring av utviklinga vil difor kunne gje ein meir berekraftig vekst på sikt.

Og sjølv om det blir kutt langs vestlandskysten, legg regjeringa no opp til at næringa kan auke produksjonen med 24.000 tonn.

Ei næring som brukar allmenningen som produksjonsstad, må finne seg i at resten av samfunnet stiller krav til det dei driv med. Eit av desse krava er at lus frå oppdrettsanlegg ikkje skal øydeleggje for ei berekraftig forvaltning av norsk villaks.

Områda i trafikklyssystemet er svært store. Difor er det viktig at regjeringa har gjort unntak for oppdrettarar som har små problem med lus, sjølv om dei held til i raud eller gul sone. Det er viktig for å motivere oppdrettarar til å drive godt.

Trafikklyssystemet er ikkje perfekt. Fiskeriminister Geir Inge Sivertsen (H) omtalte det som eit system under utvikling på pressekonferansen tysdag.

Likevel har fire år med vekevise lusetellingar i kvar einaste merd, og i tillegg omfattande forsking på villfisk, gjeve godt nok grunnlag til å la systemet få konsekvensar for oppdrettarane. Det er eit framsteg.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».