Noreg treng ikkje endå eit statleg tilsyn

Det offentleg gjer innkjøp for 500 milliardar kroner. Dei pengane kan bli brukte betre enn i dag.

Publisert Publisert

BROT: Øygarden kommune lyste ikkje ut arbeidet med å byggje Hjeltefjorden Fjordpark. Foto: Geir Martin Strande (Arkiv)

  1. Leserne mener

Med store økonomiske musklar kjem òg eit stort økonomisk ansvar. Det er stor konkurranse om offentlege anbod, og mange bedrifter er avhengige av avtalar med kommunar, fylke, stat eller andre offentlege aktørar.

Då er det heilt nødvendig at anbodsregimet har nødvendig tillit blant både næringsdrivande og befolkninga.

Sakene frå Øygarden, der kommunen kjøpte inn tenester utan anbod, slit på denne tilliten.

Det offentlege kjøper inn varer og tenester for 500 milliardar kroner årleg. Kontrollen med anbodsrundane syner seg i somme tilfelle å vera altfor slapp.

Klagenemnda for offentlege innkjøp (Kofa) er til for å halde dei offentlege innkjøparane i øyra.

Men dette er eit organ som berre kan handsame klagene dei mottar. Kofa bør få rett til å ta initiativ i saker sjølv, slik at ein ikkje er avhengig av det kjem inn klagar frå involverte partar.

Les også

Han skal granske anbudssakene i Øygarden: – Min sønn ble truet med juling

Det er forståeleg om næringsdrivande kvir seg for å klage ein stor, offentleg aktør inn for styresmaktene, av frykt for at det reduserer sjansen for å vinne framtidige anbod.

Anbodsgjevarar skal sleppe å frykte represalier for å rapportere feil og avvik i prosessane. Men det trengst ikkje opprettast eit nytt tilsyn for å handtere dette betre, slik konkurransedirektør Lars Sørgård ynskjer seg.

Meir byråkrati er ikkje alltid løysinga. Ein initiativrett til Kofa vil truleg gjere terskelen for anbodsbrot høgare.

I ei stortingsmelding i fjor konkluderte regjeringa med at ein ikkje ville endre handhevinga av innkjøpsreglane.

Regjeringa skriv at ei tilsynsordning kan føre til at innkjøparar bruker for mykje ressursar på å følgje regelverket, istaden for å sikre gode innkjøp.

Om regelverket står i vegen for gode anbod, er det ikkje tilsynet som er problemet. Då må regelverket endrast.

Den argumentasjonen gjer det vanskeleg å forstå kvifor regjeringa ikkje vil opne for at Kofa kan bli ei meir aktiv vaktbikkje.

Les også

– Øygarden kommune har gjort ulovlige innkjøp for minst 50 millioner kroner

NHO og Konkurransetilsynet er blant dei som ivrar for meir tilsyn med offentlege anbod.

Når offentlege innkjøp utgjer ein så stor del av norsk økonomi, bør det førast betre kontroll av korleis desse pengane vert brukte.

Anbod er eit viktig verktøy for at ein skal få mest mogeleg for pengane. Dei kan òg vri økonomien i grønare retning, slik krava til nye elferjer og elbussar har gjort i Vestland fylke.

Gjort rett, kan òg anbodsregimet bidra til å gjere konkurransen mellom bedrifter meir rettferdig. Men då må alle følgje reglane.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».