Barn i krise må ikkje bli taparane under nedstenginga

Når skular, barnehagar og fritidstilbod er stengt, stiller det endå høgare krav til at slektningar, naboar og andre følgjer skikkeleg med.

Publisert Publisert

Kristin Fjell, leiar ved Barnehuset i Bergen, oppmodar til å vere ekstra merksame på sårbare barn og unge i tida framover. Foto: Adrian B. Søgnen (arkiv)

iconDenne artikkelen er ni dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Den store nedstenginga av Noreg har mange konsekvensar. For ungar i familiar med vald, rus, overgrep eller andre problem er desse dagane særleg vanskelege.

I staden for å vere med jamaldringar på skulen, fotballtreninga eller andre plassar, er dei no heime så godt som døgnet rundt. Det stiller ekstra krav til omverda.

På heimebane kan problema gjerne bli forsterka i krisetid: Det som var vanskeleg før, kan bli endå vanskelegare no. Kombinert med dystre økonomiske utsikter for mange er det all grunn til å rette merksemda mot desse barna.

Ein vanleg kvardag for denne gruppa ungar er vanskeleg nok. Likevel ligg det mykje støtte i den stabiliteten andre vaksenpersonar kan gje. No er det vanskelegare for ein lærar, barnehagelærar eller korpsinstruktør å fange opp faresignal.

Les også

Podkast: – Eg stolar ikkje på nokon akkurat no

Helsedirektoratet har vore tydelege på at ungar som bur med foreldre som har psykisk liding eller eit rusproblem skal ha tilbod om barnehage, skule eller anna dagtilbod.

Samstundes er hjelpetiltaka lengre unna. NRK skreiv nyleg om at det knapt blir gjennomført eit avhøyr på barnehusa rundt om i landet. Dette er senter som er spesielt innretta for at barn skal fortelje si historie.

Eit kollektivtilbod på lågbluss, smittevernstiltak og at ungane er ute av barnehage og skule gjer det vanskelegare å gjennomføre avhøyra.

«Jeg er redd det skal gå veldig ille med noen barn. Jeg er veldig redd for en stor, alvorlig sak. Det er den store skrekken», seier Siv Anita Bjørnsen, leiar for Barnehuset i Bodø, til NRK om perioden vi no er inne i.

Les også

Koronapodden: Bør jeg være bekymret?

Det er svært viktig at politiet ikkje nedprioriterer barn og unge i ein sårbar posisjon sjølv om landet er i ei krise. Samstundes er det ikkje alt dei, barnevern eller skule og barnehage kan fange opp i desse dagane.

Det stiller krav til oss alle. Kristin Fjell ved Barnehuset i Bergen har ei viktig oppmoding hos NRK:

«Det er viktig at andre rundt, naboer og alle som er i kontakt med barn og unge, er observante på at vi har en gruppe nå som er særlig sårbar, og de må ikke slutte å si ifra på grunn av hensyn til smitte.»

Den oppmodinga bør alle legge seg på hjartet no.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».