Homofile treng ikkje «hjelp» til omvending

Forsøk på homoomvending bør bli møtt med kritikk, ikkje forbod.

I PROTEST: Professor Tone Sævi har sagt opp stillinga si hos NLA Høgskolen i protest mot at skulens lokale var vertskap for eit seminar om homo-omvending. Bård Bøe

Denne veka arrangerte Frimodig Kirke Bjørgvin og organisasjonen Til Helhet eit seminar i lokala til NLA Høgskolen i Sandviken.

Temaet for seminaret var mellom anna «Endring eller sølibat – det er spørsmålet. Korleis hjelper vi dei som ønskjer å forlata homoseksuell praksis og kjensler».

Både studentar og tilsette ved skulen har reagert sterkt. Professor Tone Sævi har sagt opp stillinga si i protest mot det ho oppfattar som å «behandle homofili som en sykdom».

Møtet er problematisk av mange grunnar. Homofile skal ikkje bli møtt med negative haldningar for kven dei er. Det finst ingen grunn til at homofile skulle prøve å bli heterofile. Altfor mange unge homofile vurderer sjølvmord som ein utveg.

Det bør vere takhøgd for å respektere mange konservative synspunkt. Det som gjer konverteringsterapi spesielt problematisk, er at ein aktivt ønskjer å endre andres liv, ikkje berre stille krav til sitt eige. I tillegg er unge homofile ein særskilt sårbar gruppe.

Det held ikkje at rektor Erik Waaler gøymer seg bak at skulen «berre» leiger ut lokale. Slik Sævi seier, er slike møte med på å setje nøytraliteten og sjølvstendet til heile skulen i spel.

Les også

– Noen må stå opp mot dette. Jeg kan ikke leve med meg selv om jeg lar være.

Det skal vere stor takhøgd for fri religionsutøving i Noreg. Arbeidarpartiet, sentrale krefter i Venstre og homonettverket i Høgre, Åpne Høyre, er mellom dei som har teke til ords for at Noreg skal forby «konverteringsterapi» – eller omvending av homofile, på godt norsk.

Nettverket Åpne Høyre har rett når dei omtaler fenomenet som «mentalt kvakksalveri». Det finst ikkje vitskapleg støtte for at ein kan gjere homofile om til å bli heterofile.

EU-parlamentet er positive til eit slikt forbod. I Tyskland er det på veg. På Malta har dei hatt det sidan 2016.

Det er likevel ikkje sikkert eit forbod er rett veg å gå. Til no har Noreg akseptert at ein del religiøse miljø, både kristne, jødiske og muslimske, har konservative synspunkt som storsamfunnet ikkje deler.

Dagen etter seminaret hadde studentparlamentet ved NLA Høgskolen eit møte med leiinga, melder Studvest. Der blei det semje om å unngå slike møte i framtida. Dette er ein meir farbar veg.

Når høgskulemiljøet sjølv finn ut av korleis eit slikt møte blir oppfatta og kor sårande det kan vere for homofile, er vi på rett veg.

Dialog er langt betre enn overformynderi, men det krev klokskap frå alle partar.