Gje parken tilbake

12 år med «midlertidig» barnehage i Nygårdsparken er nok.

BRAKKER: Den provisoriske barnehagen i Nygårdsparken bør no fjernast, skriv BT på leiarplass. Ørjan Deisz

I 2007 fekk Bergen kommune dispensasjon frå byggesaksavdelinga til å plassere ein midlertidig barnehage i eit hjørne av Nygårdsparken. Dåverande barnehagebyråd Hans-Carl Tveit (V) lova at brakkene skulle fjernast etter tre år.

Men då tre år var gått, fekk kommunen forlenga dispensasjonen. Og sidan har det blitt fleire forlengingar.

No vil kommunen ha to nye år. Det bør dei ikkje få. Det er på tide at også denne delen av parken blir gitt tilbake til folket.

Etter den siste forlenginga skulle barnehagen bli avvikla for godt innan utgangen av juli. Men nyleg fekk bebuarane i området nabovarsel om at Etat for utbygging søkjer dispensasjon for nye to år, ut august 2021.

Årsaka er denne gongen at kommunen treng erstatningslokale for Kalfarveien barnehage, medan den bli rehabilitert.

Finansbyråd Håkon Pettersen (KrF) seier kommunen har behov for ein avlastingsbarnehage i bydelen. Kommunen har med andre ord eit permanent behov som burde vore løyst med eit permanent alternativ.

Då er det sløvt at kommunen ikkje i løpet av 12 år har klart å finne eit slikt alternativ.

Kommunen veit godt at barnehagen i parken ikkje kan bli permanent. To gonger har dei prøvd å omregulere delar av Nygårdsparken til formålet. Begge gongane vart omreguleringa stansa, etter store protestar frå vernestyresmakter og privatpersonar.

Fylkeskonservatoren i Hordaland åtvarar no mot at kommunen får halde fram med det konservatoren omtalar som ei «permanentisering» av tilstanden, ved at kommunen nok ein gong får forlenga løyvet.

Eit stort problem i denne saka er at kommunen sjølv er den som skal gje dispensasjon. Sjølv om ein må gå ut frå at byggesaksavdelinga her er profesjonell nok til å behandle kommunen like strengt som dei vil gjere overfor ein privat utbyggar, er potensialet for interessekonflikt til stades.

Kommunen bør difor vere særleg aktsam.

Kvifor kommunen ikkje har brydd seg med å finne ei permanent løysing, trass i at behovet har vore der i 12 år, er vanskeleg å forstå. Truleg er det den enklaste og billigaste løysinga.

At kommunen ikkje har evna å finne eit alternativ fortener ikkje å bli løna med nok ei lettvint løysing, som ein ny dispensasjon er.

Difor bør søknaden trekkast, og området frigjort til det som ligg i avtalen mellom kommunen og dei som i si tid gav dei området: Ein offentleg park.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».