Det nye Vestlandet

Avtalen om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane er eit steg på vegen mot eit samla Vestland.

Publisert Publisert

VESTLANDET: Tysdag skreiv Pål Kårbø (KrF), fylkesvaraordførar i Hordaland, og Jenny Følling (Sp), fylkesordførar i Sogn og Fjordane under på å slå dei to fylka saman. No bør ein jobbe vidare med å få med Rogaland, skriv BT på leiarplass. Foto: Marita Aarekol

Det er historisk sus over avtalen som vart signert tysdag, mellom fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) i Hordaland og fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane. Så snart fylkestinga har velsigna avtalen byrjar arbeidet med å slå saman dei to fylka, 254 år etter dei vart skilde med oppdelinga av Bergenhus amt i 1763.

Samanslåinga av fylka er fornuftig, og kan i beste fall føre dei to områda tettare saman. Men det er ikkje nokon region. Det samanslåtte fylket vil i folketal vere jamstort med Oslo, noko som vil vere ein styrke. Vestlandsfylket vil likevel ikkje på langt nær ha den same krafta utan Rogaland.

Les også

Høgre vil ha omkamp om «nye Vestlandet»

Namnet på det nye fylket, Vestlandet, viser at det her ligg ambisjonar om meir. Sjølv om det er grunn til å glede seg over avtalen, er den først og fremst viktig som eit steg på vegen mot ein større vestlandsregion. Politikarane i Hordaland og Sogn og Fjordane skal ha skryt for at dei gjekk vidare åleine etter at fylkestinget i Rogaland sa nei i desember. Endå betre er det at dei har klare ambisjonar om å få med Rogaland i neste omgang.

Stortingsrepresentant Helge André Njåstad (Frp) frå Austevoll, som òg er regjeringspartiets kommunalpolitiske talsmann, meiner avtalen gjer det vanskelegare å få med Rogaland. Han viser til at det utan ein avtale ville vore lettare for Stortinget å slå saman dei tre fylka med tvang.

Les også

«Motstanden i Rogaland mot Vestlandsregionen er underlig, men ikke endelig»

Lite tyder på at han kan få med seg Stortinget på noko slikt. Båe støttepartia til regjeringa, Venstre og KrF, er skeptiske til tvang. Det har dei grunn til. Målet er å skape ein region som kan tale med ei røyst i den nasjonale politikken, i kampen om ressursar, arbeidsplassar og prioriteringar. Då må ein stå samla, og då må regionen byggjast nedanfrå.

Det er difor viktig at arbeidet med å få med Rogaland ikkje stoppar opp. Den stadige sentralisering av Norge mot Oslo-regionen krev at Vestlandet står saman.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».