Misbruk av religiøs makt

Religionsfridomen kan ikkje verne predikantar som utnyttar sårbare menneskje for å tene pengar.

UGREITT: Predikanten Svein-Magne Pedersen tener store pengar på å «kurere kreft» gjennom forbøn, og åtvarar mot cellegift. Det bør regjeringa setje ein stoppar for, skriv BT på leiarplass. WEMUNN AABØ

Å utnytte sårbare menneskje er noko av det uslaste ein kan gjere. Likevel er det akkurat det dei to lekpredikantane, Svein-Magne Pedersen og Tom Roger Edvardsen, gjer. VG har dokumentert korleis dei to, mot solid betaling, lovar at deira bøn kan lækje alvorleg sjukdom som kreft.

Pedersen og Edvardsen driv mellom anna to konkurrerande telefontenester. I telefonsamtalar med kundar lovar båe at dei kan kurere alvorlege sjukdommar som kreft. «Jo mer av Guds medisin og kraft du fører inn i kroppen din, det skjer gjennom bønn, jo større sjanse er det for å bli frisk», seier mellom anna Pedersen til Cecilie Løvaas, som har eggstokkreft med spreiing.

Les også

Ville vekke opp døde

Ifølgje VG har Pedersen dei siste ti åra hevda å ha kurert minst 69 personar for kreft. Endå verre er det at Pedersen i samtalen med Løvaas påstår at cellegift kan gje kreft. I verste fall kan slikt føre til at folk avsluttar livreddande behandlingar.

Lov om alternativ behandling seier at uautoriserte ikkje har lov til å behandle alvorlege sjukdommar, og at marknadsføring skal vere nøktern og sakleg. Men det er eit unntak i lova for religiøs verksemd, inkludert forbøn. Helsetilsynet meiner at dette gjev predikantane eit vern mot lova. Det same meiner predikantane og deira advokatar.

KrF-leiar Knut Arild Hareide tek på Facebook avstand frå predikantanes verksemd, «som gjør forbønn til en handelsvare». Det er viktig. Denne saka handlar ikkje om religionanes fridom, men om å bruke religion til å utnytte folk.

Les også

– Bønn hjelper ikke syke

Folk har ansvar for eigne handlingar, og bør vere frie til å sjølv å avgjere kva slags behandlingar dei vil ha for eigen sjukdom. Men dei har òg krav på eit vern mot behandlingar som er farlege for dei.

I motsetning til predikantanes forbøn, kan skulemedisinen dokumentere at han verkar. Når predikantane skaper tvil om skulemedisinen, med risiko for at folk handlar mot sine eigne interesser, er det all grunn til å gripe inn. Det blir forsterka av at dei tek betalt for tenesta, og såleis utnyttar folk i ein sårbar og desperat situasjon.

Helseminister Bernt Høie (H) varslar at departementet no vil sjå på lovverket. Det bør skje raskt. Viss verksemda dei to driv ikkje kan stoppast med lova i hand, må lova endrast.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».