Budsjettdisiplinen søkk

Regjeringa bør ikkje trikse til seg meir oljepengar.

– UNDERGREV: Regjeringa vil bruke oljepengar «under streken» – altså utan å føre det opp som bruk av oljepengar. Det undergrev handlingsregelen, meiner BT. Geir Martin Strande (arkiv)

I Granavollerklæringa opnar regjeringspartia Høgre, Frp, Venstre og KrF for å ta ekstraordinære utgifter «under streken».

Det betyr at regjeringa vil bruke oljepengar utan å føre det opp som bruk av oljepengar. Dei risikerer at handlingsregelen havarerer.

Staten bør ikkje drive ei slik kreativ bokføring.

Høgres leiande finanspolitikar Henrik Asheim seier til NRK at det er snakk om to konkrete prosjekt der dei vil vurdere: erstatte fregatten KNM «Helge Ingstad» og byggje nytt regjeringskvartal etter 22. juli-terroren.

Nytt regjeringskvartal vil koste minst 15 milliardar. Ein ny fregatt kan koste 10 milliardar.

Les også

Slik er regjeringsplattformen

Asheim har rett i at dette er ekstraordinære utgifter som ein ikkje kunne føresjå. Handlingsregelen må likevel liggje fast. Regelen er meint å sikre ansvarleg pengebruk, slik at dei enorme oljeinntektene òg kan kome framtidige generasjonar til gode.

Ingen vil ha eit problem med at oljepengebruken går litt opp når slike uføresette utgifter dukkar opp. Difor treng ikkje regjeringa kutte andre stader for å erstatte eit øydelagt regjeringskvartal eller ein havarert fregatt. Handlingsregelen er fleksibel nok til å ta høgde for slikt.

Dersom regjeringa opnar for å ta pengar utanfor rekneskapen no, kan det skje i fleire tilfelle framover. Frp har lenge ivra for å endre handlingsregelen.

Les også

Slik kan bompengene rundt Bergen reduseres

Den offentlege pengebruken går stadig oppover under Solberg-regjeringa. I 2013 stod staten for 55 prosent av brutto nasjonalprodukt. I 2018 hadde staten auka sin andel til 58,5 prosent.

Meir oljepengar kan vere løysinga dersom regjeringa ikkje klarar å prioritere godt nok på statsbudsjettet. Men det er ei dårleg og uansvarleg løysing.

Ei borgarleg regjering bør vere for ein ansvarleg økonomisk politikk, både i ord og i handling. Når Høgre no har fått til ei fleirtalsregjering burde det vere ganske enkelt.

Statsbudsjettet vert stadig større, og då bør skattebetalarane kunne forvente at regjeringa ikkje triksar seg til endå meir pengar.

Lederen
BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:
«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsensintegritet skal være uavkortet så vel utad som innad».