La lova liggje

Abortlova er eit nasjonalt kompromiss som bør få vere som ho er.

Publisert: Publisert:

SKAL, SKAL IKKJE: Helseminister Bent Høie og statsminister Erna Solberg meiner ei endring i abortlova ikkje vil ta frå kvinnene råderett over eigen kropp. Det er vanskeleg å sjå korleis det skal skje i praksis, meiner Bergens Tidende. Olav Olsen, Aftenposten (arkiv)

Den perfekte abortlova finst ikkje, rett og slett fordi syna på lovas formål er så ulike. Dette er blitt tydeleg dei siste vekene, der KrFs borgarlege fløy har fått fart på abortdebatten.

Alle bør ønskje seg færrast mogleg abortar her til lands. Men reduksjonen bør skje gjennom opplysning om prevensjon og seksuell helse, gode velferdsordningar for barnefamiliar og betre hjelp til familiar som treng særskilt støtte.

Den dårlegaste måten å få ned aborttala på, er gjennom å gjere det vanskelegare for eit veldig lite antal kvinner å ta abort. Dersom Høgre går med på å reversere kvinners rett til å råde over eigen kropp, er det eit alvorleg tilbakesteg. Det er gode grunnar til at det er varsla store demonstrasjonar over heile landet mot dette.

Sjølv om Høgre meiner at dei ikkje vil gå med på ei slik endring, er det grunn til å frykte at det er dét som i praksis vil skje. Den sjansen kan ikkje Noreg ta.

I dag er abortlova slik at kvinna har full råderett dei fyrste tolv vekene. Etter dette slår ulike mekanismar inn som skal balansere omsynet til kvinner som ønskjer abort med omsynet til fosteret som veks fram. Denne ordninga har stått seg i 40 år og fungerer i all hovudsak godt.

KrF har – med god hjelp frå leiinga i Høgre – no gått til åtak mot paragraf 2c i abortlova. Statsminister Erna Solberg og helseminister Bent Høie omtaler nesten konsekvent paragraf 2c som «Downs-paragrafen». Det er verdt å minne om at paragraf 2c ikkje inneheld formuleringar om Downs syndrom.

Les også

Solberg: Ikke Høyres politikk å endre abortlovens 2c

Paragrafen seier at abort kan skje etter tolvte veke når «det er stor fare for at barnet kan få alvorlig sykdom, som følge av arvelige anlegg, sykdom eller skadelige påvirkninger under svangerskapet».

Randi Ødegaard, styreleiar i Norsk nettverk for Downs syndrom, skriv i Aftenposten at «betegnelsen ’Downs-paragrafen’ vitner om både kunnskapsløshet og dårlig dømmekraft». Erna Solberg og Bent Høie bør lytte nøye til dette.

Dersom abortlova no blir endra, er det ikkje fordi regjeringa har eit problem med lova, men eit problem med KrF. Det er eit svakt grunnlag å endre lova på.

Nasjonale kompromiss bør ikkje bli forkasta på grunn av politisk spel.

Publisert: