Dobbeltroller undergrev private velferdstenester

Barnevernstilsette må slutte å selje private barnevernstenester på si.

Publisert: Publisert:

MÅ RYDDE: Barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) må rydde opp i samrøret der offentleg tilsette sel private barnevernstenester. Foto: Eirik Brekke

I helga avslørte VG at fleire titals tilsette i det offentlege barnevernet sel private barnevernstenester. Det er ei rolleblanding som må stoppast.

Private bedrifter er eit viktig supplement til offentlege tenester, òg innanfor barnevernet. Det er fornuftig å kjøpe tenester frå private når det offentlege ikkje har tilstrekkeleg kapasitet eller kompetanse. Private innslag gjer òg offentleg sektor meir innovativ, og gir befolkninga alternative tilbod.

Private leverer i dag barnevernstiltak, som til dømes avlastingstenester, besøksheimar og tilsyn, men òg sakshandsaming.

Rolleblandinga gjer det til dømes mogeleg å vedta tiltak på eit barn, for så å la sitt eige firma få oppdraget med å følgje opp. Då kan personlege, økonomiske motiv gå framfor faglege omsyn.

59 barnevernstilsette har sagt at dei sel barnevernstenester privat. 21 av desse har seld private barnevernstenester til kommunen eller området dei jobbar i. To av tilfella gjeld Bergen kommune, medan Askøy, i Fjell, på Stord og i Kvinnherad hadde eitt kvar.

Det er førebels ikkje avdekt tilfelle der dette har fått utslag i enkeltsaker. Men uansett er dette ei rolleblanding som reduserer tilliten til barnevernet. Det reduserer òg trua på at private kan bidra til den offentlege velferda.

Barnevernstenester skal tuftast i faglege vurderingar, der borna sitt beste vert sett i sentrum. Alt som bidreg til å så tvil om det, er skadeleg for barnevernet.

Det er Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som er den øvste fagmyndigheita for norsk barnevern. Dei har sett risikoen ved ei slik rolleblanding lenge. I 2016 vurderte dei eit register over tilsette sine biverv og eigarinteresser, men landa på at det gjekk på tvers av personvernet.

Eigarskap og styreverv er offentleg informasjon i Noreg, så det bør gjere det mogeleg for Bufdir å drive kontroll. I tillegg bør ein sjå om regelverket er godt nok for å hindre slik rolleblanding.

Dei partia på Stortinget som er mest for private innslag i velferdsstaten, sit i regjering. Det er Høgre, Framstegspartiet og Venstre som bør ha størst interesse av at det er ryddige forhold i skiljelinja mellom offentlege og private tenester.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».