Før fangane tilbake

Det er på høg tid å avvikle fangeordninga i Nederland

Publisert: Publisert:

NEDERLAND: I 2015 kunne dåverande justisminister Anders Anundsen presentere Noregs nye fengsel, i Nederland. Det er djupt problematisk å overlate ansvaret for eigne fangar til eit anna land, skriv BT på leiarplass. Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB Scanpix

Noreg sender jamleg fangar til soning i Nederland, trass i at det er ledig kapasitet i norske fengsel. I går kunne BA òg fortelje at fangane blir sendt til Noreg når dei treng spesialisthelseteneste. Dette bør ta slutt.

Lange soningskøar var hovudargumentet då regjeringa i 2015 vedtok å leige fengselsplassar i Norgerhaven fengsel i Nederland. Fengselet har plass til 242 fangar, og har høgt tryggleiksnivå.

Ifølgje kriminalomsorga er det no 196 fangar i fengselet, samstundes som det står 438 celler tomme ved norske fengsel. 260 av desse har høg tryggleik. Likevel meiner regjeringa at bruken av Nederland bør halde fram, og forlenga nyleg leigeavtalen til oktober 2019.

Regjeringa og kriminalomsorga forsvarar vedtaket med at belegget no er uvanleg lågt. Dei reknar med andre ord med at dei mange ledige plassane kan vere eit forbigåande fenomen. Dessutan trengst det noko ledig kapasitet til varetektsfangar og flytting av fangar.

Les også

Leder i 2015: Penger og fanger

Når fangar sonar i utlandet delegerer regjeringa tvangsmakt over norske fangar til ein utanlandsk stat. Ansvaret for å ta frå dei fridomen, sjølve straffa, blir altså overført til Nederland.

Rettsstellet er ei av dei mest grunnleggjande oppgåvene for staten. Det er difor ei fallitterklæring at Noreg ikkje klarer å gjennomføre straffa for dei ein sjølv dømmer til fengsel.

Då regjeringa inngjekk avtalen i 2015 var soningskøane urimeleg lange. Leigeavtalen kunne difor forsvarast som eit akutt tiltak for få ned køane.

Regjeringa fortener honnør for at køane er kraftig reduserte. Men dei burde samstundes bygd opp stor nok kapasitet ved norske fengsel. Det har dei ikkje gjort, sidan kriminalomsorga meiner ein framleis treng plassane i Norgerhaven. Det held ikkje.

Sidan 2015 har regjeringa bygd over 200 nye fengselsplassar i Noreg, dei fleste ved Ullersmo og Eidsberg. Men samstundes er Botsfengselet i Oslo, med 172 plassar, nedlagt. Nettoauken er dermed ikkje så stor.

Neste år byrjar bygginga av to nye fengsel i Agder, med plass til 300 fangar med høg tryggleik. Når det fengselet står ferdig i 2020 har ikkje regjeringa lenger noko unnskulding: då bør fangane i Nederland hentast heim. Med det bør det vere slutt på at Noreg ikkje klarer å ta ansvar for sine eigne fangar.

Publisert:
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».