På tide å rydde på hytta

Finansminister Siv Jensen leiger hytte av milliardær Johan H. Andresen til under marknadspris. Det bør ikkje vere opp til henne å avgjere om det er uproblematisk eller ei.

Publisert Publisert

HYTTEDRAUMEN: Frp-leiar Siv Jensen leiger hytte i Oslofjorden av milliardær Johan H. Andresen. Ho bør sjekke at leigeforholdet er i tråd med regelverket, meiner Bergens Tidende. Foto: Berit Roald, NTB Scanpix

  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Onsdag skreiv Dagens Næringsliv at Siv Jensen leiger ei hytte i Oslofjorden av milliardær Johan H. Andresen. Leigeprisen er 40.000 kroner i året, og avtalen varte frå i fjor og ti år framover. Forholdet er også tidlegare omtalt i Kapital.

DN skriv at Jensen får ein fordel på fleire millionar samanlikna med om ho skulle leigd hytta til marknadspris. Det er uklart om fordelen er fullt så stor. Det viktige her er at ein av landets rikaste personar leiger ut ei hytte til finansministeren til under marknadspris.

Det er det relevant å undersøkje, same om fordelen er stor eller liten. Jensen har ikkje meldt inn saka til det registeret som finst for verv og økonomiske fordelar stortingsrepresentantar og statsrådar har.

Jensen oppnemnde Andresen som leiar av etikkrådet for Statens pensjonsfond utland (oljefondet) i 2014. Dette vervet heng svært høgt i norsk næringsliv, og gjev prestisje til den som har det. Ikkje minst om vedkomande tidlegare dreiv i tobakksbransjen, men i dag profilerer seg som sosial entreprenør.

I Politisk kvarter på NRK i går sa statsminister Erna Solberg at «det er lov for statsrådar å leige hytter, og Siv Jensen har full openheit rundt dette». Det fyrste er heilt korrekt, men det andre er meir uklart: Kvifor har ikkje Jensen opplyst om leigeforholdet i stortingsregisteret?

Les også

Jens Kihl: Når blei Erna dødsstjerna?

«Håndbok for politisk ledelse» slår fast at paragraf 39 i statsansatteloven gjeld for politisk leiing i departementa. Her står det mellom anna at politikarane ikkje kan ta imot «gave, provisjon, tjeneste eller annen ytelse som er egnet til, eller av giveren er ment, å påvirke vedkommendes tjenestlige handlinger».

Det er viktig å få på det reine om leigeforholdet er av ein sånn art at han kan falle inn under denne regelen. Det kan ikkje vere Siv Jensen som avgjer dette. Noreg er tent med å ha ein finansminister som nyt høg tillit i folket. Då bør ho gå vegen innom lovavdelinga i Justisdepartementet for å avklare om alt er gjort etter boka.

Ingen tener på tvilen som har oppstått.

Publisert
Om BTs leder

BTs lederartikler blir skrevet av mediehusets redaktører og kommentargruppe. Politisk redaktør er leder for denne gruppen. Lederne er skrevet på bakgrunn av BTs publisistiske idé, sjefredaktørs meninger og avisens tradisjon. I avisens publisistiske idé heter det:

«Bergens Tidende skal være en frittstående, liberal, borgerlig (ikke-sosialistisk) avis, partipolitisk uavhengig. Avisens generelle grunnsyn skal bygge på et progressivt og menneskelig samfunnssyn. Den redaksjonelle ledelse skal ha som oppgave å lage en avis som gir sine lesere i by og bygd saklig og sann orientering om det som foregår lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Redaksjonsledelsens integritet skal være uavkortet så vel utad som innad».